Farmakoterapi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FARM395
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet er at studentane etter kurset har en forståing og innsikt i legemiddelbehandling, medrekna planlegging, gjennomføring, evaluering og justering.
Læringsutbyte
Etter fullført kurs skal studentane ha ei forståing for og innsikt i legemiddelbehandling, medrekna planlegging, gjennomføring, evaluering og justering. Studenten skal:
- kunne innhente nok opplysningar om legemiddelbehandling, og eventuelt alternativ til denne, til å kunne utarbeide forslag til rasjonell legemiddelbehandling på grunnlag av ein pasient sin sjukdom og kliniske data om denne.
- kunne evaluere og om nødvendig gi forslag på evidensbasert grunnlag til justering av ei initiert legemiddelbehandling.
- kunne presentere dette for andre, samt grunngi desse forslaga på bakgrunn av ein kritisk gjennomgang av litteraturen for den aktuelle sjukdommen.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsstad
Bergen
Krav til studierett
For opptak på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi.
Arbeids- og undervisningsformer
PBL-basert undervisning med ressursforelesningar, 4-6 timer i veka i 10 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på undervisninga og aktiv deltaking i gruppearbeid.
Vurderingsformer
A. Mappeevaluering, som samla innlevering ved slutten av kurset.
Krav til innhald i mappa vert gitt i særskilt plan som presenterast ved kursstart.
B. 2 timar heimeeksamen. Alle skriftlege og digitale kjelder er tillate.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått/Ikkje bestått nytta.
Både mappeevaluering og eksamen skal vere bestått.
Vurderingssemester
Haust