Litterært særemne

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Siktemålet for emnet er å undersøkje ei gitt litterær problemstilling som kan vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god innsikt i problemstillingar knytte til litteraturen og litteraturteorien som er blitt gjennomgått
  • har kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet

Dugleik

Studenten

  • er i stand til å gje undervisning i temaet emnet omhandlar
  • kan driva forsking og anna fagleg utviklingsarbeid på som gjeld temaet emnet omhandlar

Generell kompetanse

Studenten

  • har oversyn over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar
  • kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling, leite fram relevant bakgrunnsmateriale og presentere resultat frå dette arbeidet i akademisk form
  • kan planleggja og gjennomføra rettleia arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert uttellinga i studiepeong for FRAN308 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAN308L og med 15 studiepeong om det vert kombinert med litterært særemne FRAN303/304.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Det blir gjeve 2 førelesningar/seminar per veka i om lag 12 veker.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjer til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller eit meir individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det vil også vere noko felles fjernundervisning med studentar ved ENS i Yaoundé i Kamerun.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Ei fire vekers skriftleg semesteroppgåve på om lag 4000 ord.

Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (3-5 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 100 sider).

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for fransk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.