Fransk mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- FRAN350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Fransk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har brei generell kunnskap innanfor faget og djupnekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
Ferdigheiter
Studenten
- kan uttrykkja på fransk munnleg og skriftleg faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
- kan arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kan setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- kan skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kjenner normene for akademisk skriving
- kan bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet
- kan halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på sjølvstendig vis
- kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing.
Masterstudentane må inngå rettleiingskontrakt med tildelt rettleiar. Tildeling av rettleiar(ar) skjer i det første semesteret, eller seinast i løpet av det andre semesteret av masterstudiet.
Som ledd i arbeidet med masteroppgåva skal studentane halda og få godkjent to innlegg på det prosjektførebuande seminaret: eitt innlegg der dei presenterar prosjektet sitt og eitt innlegg der dei kommenterar ein av dei andre studentane sine prosjekt. Presentasjonen av eige prosjekt skal innehalda komponentar om problemstilling, materiale, metode og bibliografi. Førebuinga av presentasjonen av eige prosjekt skal gjerast i samråd med rettleiar. Presentasjonen skal sendast elektronisk til emneansvarleg minst fire dagar før framlegging.
Obligatorisk arbeidskrav gjelder for hele perioden frem til studenten leverer masteroppgaven
Vurderingsformer
Ei masteroppgåve på 70-100 sider, skriven på fransk. Ei munnleg prøve som kan justera karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Alle emna i kursdelen skal som ein hovudregel vera fullførte før ein leverer masteroppgåva.