Fransk grammatikk 2
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FRAN621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet byggjer på FRAN620, og har som mål å gje kunnskap om fransk språkstruktur, særlig innan syntaks. Det skal har òg som mål styrkje studentane sitt språkvitskaplege omgrepsapparat.
Emnet skal vera med på å øva opp evna hjå studentane til å uttrykkja seg på standardfransk, gjennom omsetjingsøvingar som belyser kontrastar mellom norsk og fransk.
Studiet tar opp tema som tempus og modus, adverbial, setningar og leddsetningar, infinitte strukturar, og informasjonsstruktur.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har fått utdjupa sin kunnskap om det franske språksystemet
- har fått ei styrka forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat
Ferdigheiter
Studenten
- kan forklara korleis komplekse språklege strukturar fungerer syntaktisk og semantisk
- har videreutvikla sin dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk
Generell kompetanse
Studenten
- har nok kompetanse til å kunne vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av grammatikk på 200-nivå, t.d. emnet FRAN255/205
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Nettbasert undervisning på studiets læringsplattform MittUiB og på ZOOM.
Dette emnet finst òg som vanlig campusstudium (FRAN121)
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Før undervisninga får studentane tilgang til videoførelesningar, notat og diskusjonsforum på læringsplattformen MittUiB. Diskusjonsforumet kan bli felles med campuskurset FRAN121. Undervisninga vert gjeve på ZOOM og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består hovudsakleg av oppfølging av videoundervisninga og oppgåveløysing.
I tillegg til denne undervisninga vert det organisert eit kurs der studentane får trening i å løyse eksamensoppgåver.
Omfanget av undervisninga er omtrent 2 timar per veke i 5 veker. Det kan også bli noko fellesundervisning på ZOOM saman med campuskurset FRAN121.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga på ZOOM for å få gå opp til eksamen i emnet.
Emnet omfattar ei obligatorisk øvingsoppgåve med omfang og innhald omlag som ved eksamen. Oppgåva er obligatorisk for alle studentar på emnet, og for å få gå opp til eksamen må studenten ha levert den obligatoriske øvingsoppgåva innan fastsette fristar. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Oppgåva vert kunngjort ei veke før fristen. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Eksamen er ein 5 timars skriftleg heimeeksamen der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Eksamen er normalt digital. Eksamensoppgåvene trekkjer inn store deler av pensum. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. syntaktisk analyse.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er samansett av utdrag på rundt 190 sider frå ein større fransk grammatikk skriven på norsk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Læreboka er skrive i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.
Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på internett.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.