Praksisemne i geografi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: Praksisopphaldet skal bidra til å sjå den faglege kompetanse geografi gjev i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgjevarar. Praksisopphaldet skal bidra til å la studenten tileigne seg profesjonsroller. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøving skal studentane få høve til verte meir medvitne på eiga yrkesrolle og fagleg kompetanse.

Innhald: Gjennom praksisopphaldet arbeider studenten saman med dei tilsette på arbeidsplassens og tek del i tilnærma dei same arbeidsplasstilhøva og dei same produksjonsprosessane som dei. Dette skjer ved at studenten startar som observatør for etterkvart å ta ei meir deltakande rolle. Det er ein føresetnad at studenten får høve til å delta i arbeidsoppgåver som er relevante I forhold til deira faglege kompetanse og i forhold til verksemnda sine behov. Ved semesterstart vert det halde oppstartseminar med fokus på å førebu studentane på praksis. Studentane får rettleiing både frå verksemda og frå Institutt for geografi. Studentane skal i ein praksisrapport drøfte arbeidsoppgåver og praksisbedrift, eigen kompetanse i forhold til praksisen og reflektere over praksissemesteret, samt presentere utgreiings- eller prosjektarbeid som er gjort for bedrifta.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Ferdigheiter

  • Nytte fagkunnskapane studiet i geografi gjev i ein reell arbeidssituasjon.
  • Kombinere teori med erfaringsbasert læring og reflektere over forholdet mellom teori og praksis.
  • Danne eit bilete av korleis bedrifter/verksemder organiserer arbeidet, og relatere spørsmål knytt til geografi til reelle og aktuelle situasjonar i arbeidslivet.
  • Reflektere meir medvitsfullt over eigen kompetanse, profesjonsrolle og drøfte bruk av fagleg kompetanse i praksis.
  • Kritisk vurdere eige praksisopphald.

Generell kompetanse

  • Skrive faglege forankra tekstar basert på behovet til arbeidsgjevar.
  • Kommentere og gi tilbakemelding på skriftleg arbeid.
  • Tileigne seg profesjonsrolle.
  • Planlegge og gjennomføre ein munnleg presentasjon av eit større prosjekt- eller utgreiingsarbeid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

UiB og praksisplass
Krav til forkunnskapar
Fullført totalt 120 studiepoeng, og minimum 70 studiepoeng i geografi: GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131. Krav til C i snitt.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er for studentar på bachelorprogram i geografi.

Søknadsprosess:

  • April: Utlysing
  • Mai: Søknadsfrist
  • Juni: Tildeling av plassar

Emnet har avgrensa tal på plassar. Studentar får plass etter særskilt søknad. Karakterkrav er minimum C i snitt. Rangering etter karaktersnitt og søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Introduksjonsseminar: 2-4 timar

Arbeid på arbeidsplass: 1-2 dagar pr. veke, totalt ca 25 dagar

Rapportskriving

Rettleiing frå arbeidsplass og Institutt for geografi

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på oppstartsseminaret og sluttseminar.

Levere ein rapport undervegs som blir publisert på nettsidene til Institutt for geografi.

Munnleg presentasjon av utkast til praksisrapport på sluttseminar.

Vurderingsformer

Praksisrapport (4-6 sider).

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått/ ikkje bestått
Vurderingssemester

Vurdering vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Studentar med gyldig fråvær slik det er definert i UiB-forskrifta § 5-5 kan søke om utsett innleveringsfrist til studieveileder.geog@uib.no. Søknaden må sendast før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med kvalitetssystem for utdanningane ved UiB.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for geografi har det administrative ansvaret for emnet.