Atmosfære-, hav- og klimadynamikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOF110
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring til dynamikken i atmosfæren og havet, og med det grunnlaget for å forstå klimadynamikk. Utgangspunktet for emnet er konservering av masse og rørslemengd og likningane som følgjer frå dette, uttrykt i både ikkje-roterande og roterande koordinatsystem. Fysiske tolkingar av likningane vert gjeven og forenkla uttrykk vert nytta for å forklare, forstå og rekna på, i hovudsak, storskala og fri rørsle i atmosfæren og i havet.
Innhald
Utleiing av dei primitive likningane i eit ikkje-roterande og eit roterande koordinatsystem. Gjennomgang av forenkla likningar (geostrofi, termalvind, verknad av friksjon, mm.) for å skildra og analysera storskala rørsle i atmosfære og hav. Gjennomgang og diskusjon av grunnleggjande momentum- og energibudsjett i atmosfæren. Utgreiing og analyse av havsirkulasjon driven av termohaline gradientar og vind. Gjennomgang av Ekman- og Sverdrupdynamikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- forstår korleis vind- og havstraumar oppstår på ein roterande planet med oppvarming ved ekvator og nedkjøling mot polane
- har brei kunnskap om korleis ein kan formulera likningane som skildrar dei storskala vind- og straumsystema i atmosfære og hav
- har kunnskap om den historiske utviklinga av fagfeltet som omhandlar dynamikken i atmosfære og hav
Ferdigheiter
Studenten
- kan utleie dei grunnleggjande likningane for storskala rørsle i atmosfæren og havet
- kan rekne på rørsla i atmosfæren og havet i ulike koordinatsystem
- kan utleie, nytta og tolka likningane for geostrofisk vind/straum og termalvind, og nytte ulike variasjonar av desse på storskala og synoptiske system i atmosfæren og i havet
- kan oppdatera seg på og gå vidare med studier av rørsla i atmosfære og hav
- kan berekne og tolka den grunnleggjande verknaden av friksjon på rørsla i atmosfæren og i havet
- kan nytte grunnleggjande, fysiske prinsipp til å forklare storskala, atmosfære- og havsirkulasjonen
- kan utleie og nytta dei grunnleggjande uttrykka for Ekman- og Sverdrupdynamikk i havet
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklara matematiske omgrep og anvende matematisk formalisme på ei rekkje, geofysiske problem
- kan formidla og diskutera det fysiske grunnlaget for forståinga av den storskala rørsla i atmosfæren og i havet
- kan setta seg inn i og nytta eit omfattande formelverk for å analysera og tolka rørsla i atmosfæren og i havet
- kan reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar innan fagområdet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga gis i form av førelesningar og rekneøvingar.
Forelesing/ 4 timar pr. veke/ 13 veker
Rekneøving/2 timar pr. veke/ 12 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Midtvegseksamen, skriftleg, 2 timar; tel 30% av sluttkarakteren og er gyldig inneværande og påfølgande semester.
Slutteksamen, skriftleg, 4 timar; tel 70% av sluttkarakteren og må vere bestått.
Vi reknar saman poengsummer frå delvurderingane for å bestemme sluttkarakter i emnet. Delvurderingen må være bestått for å bestå emnet.