Ekskursjoner og øvelser i geologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei praktisk innføring i faget geologi, basert på det teoretiske grunnlaget som vert undervist i GEOV101. Emnet skal formidla forståinga for planeten jorda som eit komplekst system med grunnstoff, mineral, bergartar, samt ytre og indre prosessar som virkar og har verka for å forma jorda og dei ulike landformene.

Innhald:

Kurset består av praktiske øvingar, ekskursjon (4 dager) og feltkurs (4 dager). Øvingane tek for seg skildring og klassifikasjon av dei vanlegaste minerala, bergartane, og jordartane, samt tolking av topografiske og geologiske kart. Ekskursjonen tek opp tema som sedimentær, magmatisk og metamorf geologi, observasjonsinnhenting, bruk av krysskuttende relasjonar og inklusjonar for å dedusere ei geologisk historie, glasiasjons- og klimahistorie og havnivåendringar. Feltkurset tek for seg praktisk innsamling av geologiske data og observasjonar, feltmetodikk, bruk av fundamentale geologiske feltverktøy (kompass, feltdagbok), tolkning av observasjonar, samt sjølvstendig geologisk feltarbeid (under vegleiing) i felt.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan

  • forklara geologiske observasjonar og tolkingar frå ekskursjonar og feltøvingar
  • forklara geologiske prosessar basert på eksempl frå praktiske øvingar og demonstrasjonar
  • definera, klassifisera og skildra dei vanlegaste sedimenta og bergartane
  • diskutera danninga av dei vanlegaste sedimenta og bergartane
  • diskutera ei geologisk historie på bakgrunn av geologisk informasjon (f. eks. rekonstruera hendingar ut frå eit geologisk kartbilde eller feltobservasjonar)

Ferdigheiter

Studenten kan

  • tolka (lesa og nytte gjera seg av) topografiske og geologiske kart
  • konstruera geologiske profil basert på geologiske kart
  • gjennomføra innsamling av observasjonar og data i felt
  • måla orienteringa på geologiske plan og lineasjonar ved bruk av kompass
  • gjennomføra enkle søk etter relevant geovitenskapleg litteratur, samt nytta korrekt littertur tilvising

Generell kompetanse

Studenten kan

  • anvenda eit presist geologisk fagspråk til å skildra og diskutera geologiske prosessar og hendingar
  • demonstrera evna til å fungera individuelt, i samarbeid og med andre
  • gjennomføra feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Lågaregradsemne

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen og feltundervisning i Hordaland
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEOV101 (kan leses parallelt) eller tilsvarende
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOL102
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av praktiske øvelser, ekskursjon og feltkurs.

Praktiske øvelser, 4 timer i veka i 10 veker.

Ekskursjon, 4 dager i veka i 1 veke.

Feltkurs, 4 dager i veka i 1 veke.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på øvingar og innlevering av oppgåver.

Deltaking på ekskursjon og innlevering av ekskursjonsrapport.

Deltaking på feltkurs og innlevering av feltkursrapport.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.

Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen. Digital eksamen, se www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter. Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med fakultetet sine reglar.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.