Innføring i mineralogi og petrografi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV103
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Engelsk. Delar av kurset blir undervist på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Mineral er byggesteinane i jorda sine materialar, og ei grunnleggjande forståing av deira eigenskaper er viktig for mange felt innan geofag. Dette kurset har som mål å gje kunnskap om dei strukturelle, kjemiske og fysiske eigenskapane til mineral, lære å identifisere dei vanlegaste bergartsdannande mineral og vise korleis mineral dannar vulkanske og metamorfe bergarter.
Innhald:
Den første delen av emnet omfattar grunnleggjande prinsipp i mineralogi, som inkluderer ein gjennomgang av dei kjemiske elementa som mineral består av, kjemiske bindingar og krystallstrukturer, krystallografi og krystallvekst. Viktige mineralogiske prinsipp som polymorfose, isostrukturelle mineraler, fast blandbarheit, avblanding og fasediagram blir gjennomgått. I tillegg blir dei fysiske eigenskapane til mineral forklart og identifikasjonsteknikkar ved bruk av mineralprøver, mikroskopi og geokjemiske metodar vert demonstrert. I den andre delen av emnet vert denne grunnleggjande kunnskapen nytta under ei systematisk gjennomgåing av dei forskjellige gruppene av bergartsdannande mineral, deriblant dei forskjellige typane av silikat, karbonat, sulfat, oksid, sulfid, halogenid og elementære mineraler. Det er også forklart korleis kjemiske og fysiske eigenskapar til bergartsdannande mineral er viktig for danninga av vulkanske og metamorfe bergarter, og korleis ein kan klassifisere desse bergartane basert på deira mineralinnhald og teksturar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare korleis eigenskapane til kjemiske element og deira bindingar bestemmer strukturen og samansetjinga av mineral (f. eks. tett pakking, koordinasjonstall)
- demonstrere korleis den indre strukturen av mineral påverkar den ytre struktur og fysikalske eigenskaper av et mineral (f. eks. krystallsymmetri, krystallform)
- forklare dei mineralogiske uttrykka polymorfisme, isostrukturelle mineraler, fast blandbarheit og avblanding
- diskutere kva for mineralidentifikasjonsmetode som er passande for eit mineralogisk problem (f. eks. polarisasjonsmikroskop, røntgendiffraksjon, elektronmikrosonde)
- gjenkjenne og beskrive de grunnleggjande eigenskapane og kjemien til vanlige bergartsdannande mineral
- orklare mineralogisk variasjon i magmatiske og metamorfe bergarter
Ferdigheiter
Studenten kan
- beskrive krystall plan og retningar ved hjelp Miller indekser
- tolke enkle fasediagram relevant for stabiliteten av mineral
- berekne enkle mineralformlar fra geokjemiske analyser
- identifisere og beskrive dei vanlegaste bergartsdannande mineral i handprøver
- klassifisere magmatiske og metamorfe bergarter basert på feltklassifisering
Generell kompetanse
Studenten kan
- formulere si forståing av eit vitskapleg emne i et kort essay
- presentere eit vitskapeleg tema på en klar og strukturert måte
- samarbeide med andre under øvingar på ein konstruktiv måte
Undervisningssemester
Haust
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesning, 2 timer i veka i 14 veker.
Laboratoriearbeid, 2 timer i veka i 8 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Øvingar.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i totalt 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjende.
Vurderingsformer
Midtveiseksamen (2 timar), utgjer 20% av karakteren
Mineral-identifikasjonsprøve (2 timar), utgjer 20% av karakteren
Skriftleg eksamen (4 timar), utgjer 60% av karakteren.
OBS! Digital eksamen, for mer informasjon se: www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter
Tillatne hjelpemiddel på skriftleg eksamen: Enkel kalkulator, i samsvar med modellar angitt i fakultetets reglar