Politisk teori og styreformer

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset tar utgangspunkt i vestleg politisk tenking i høve til ei kompleks moderne verd der ulike interesser, verdisyn, demokratisyn og rettferdsoppfatningar står imot kvarandre. Er det i ein slik situasjon mogleg å etablere styreformer og avgjerdsprosedyrar som kan aksepterast av folk flest og som ikkje verkar undertrykkjande på nokon? Har politikk noka meining? Kva for konkrete kriterium kan nyttast for å vurdere eksisterande ordningar for kollektiv avgjerdstaking? Korleis kan framveksten av dei eksisterande styringsordningane, og konfliktar knytt til denne framveksten, bli forstått og forklart?

Kurset gir ein introduksjon til omgrep og idear innan politisk teori, demokratiteori og politisk analyse, og svarer til innføring i politiske teori innan statsvitskaplege fag. Særleg vil moderne demokratiproblem bli vektlagt og studentane skal setjast i stand til å kritisere og analysere ulike styreformer, inkludert vår eiga. Målet er å kritisk kunne analysere ut frå ulike teoretiske og normative posisjonar. Studentane skal kunne bruke dette i arbeidet med praktiske samfunnsvitskaplege problemstillingar, dels for å kunne formulere interessante problemstillingar, dels for å forstå grunngjevinga, og for å vere i stand til å stille seg kritisk til eksisterande politiske prosessar og strukturar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten

  • Kjenner til den grunnleggjande oppbygginga av liberale demokrati og grunngjevingar knytt til det politiske systemet, den utøvande makta, rettsstaten, det sivile samfunnet, den offentlege sfæren, velferdsstaten og marknaden.
  • Kan presentera sentrale omgrep og kritikk knytt til det normative grunnlaget for den demokratiske rettsstat.
  • Kan skilja mellom rettar knytt til den private og den offentlege autonomi.

Ferdigheter

Studenten kan

  • Forklara og kritisk analysera institusjonelle strukturar, argumentasjonsformer og aktuelle politiske prosessar i eit demokrati.
  • Gjera kritiske vurderingar av kollektiv avgjerdstaking der ulike instrumentelle, moralske og etiske ynskje eller oppfatningar står mot kvarandre.

Generell kompetanse

 Studenten kan

  • Analysera politiske institusjonar og politiske avgjerdssprosesser i lys av politisk teori.
  • Planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som deltaker i gruppe , og i tråd med etiske krav og retningsliner.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Går første gang hausten 2025

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
AORG100A / AORG100B / GOV100
Studiepoengsreduksjon

AORG104 (15 sp)

GOV104 (15 sp)

Krav til studierett
Ope for studentar med studierett ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
10-12 førelesningar og inntil 8 seminarsamlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk arbeidskrav i form av ei gruppeoppgåve 2500 ord (+/-10%). Oppgåva må være godkjent før eksamen kan avleggast. Arbeidet med oppgåva vert organisert i seminargrupper. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer

4 timar skriftleg skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk. 

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgjande semester berre for studentar med rett til ny vurdering
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.