Gresk: Epikk og lyrikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar i første rekkje lesing av episke og lyriske tekstar frå den arkaiske perioden (750-480 f. Kr.), men også poetiske tekstar frå klassisk, hellenistisk og romersk tid kan inngå. Det blir også gitt innføring i gresk språkhistorie (serleg hovuddraga av greske dialektgrupper og litteraturspråk) og metrikk, eit oversyn over gresk religionshistorie og mytologi, og auka kjennskap til gresk litteraturhistorie (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • auka kjennskap til gresk språk og grammatikk med vekt på språkhistorie, dialektgrupper, litteraturspråk og metrikk
  • auka kjennskap til gresk litteraturhistorie med vekt på episk og lyrisk dikting

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • lese metriske greske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk.
  • gjere greie for viktige greske poetar

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Siste halvdel av vårsemesteret (heiltid)

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
GRE100 eller tilsvarande greskkunnskap.
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at eksamen i GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE104.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar over delar av pensum, med serleg innføring i metrikk og språkhistorie.

Om lag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Eksamen består av ein munnleg prøve, der kandidaten skal lese, omsetje og analysere metriske tekstar frå pensum, og svare på spørsmål med utgangspunkt i tekstane og frå pensum elles.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er eit utval greske poetiske tekstar som skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår systematiske framstellingar av gresk språkhistorie og metrikk, og oversyn over gresk religionshistorie og mytologi.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium