Gresk: Attisk drama
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GRE202
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet omfattar lesing av attiske dramatekstar, tragedie og/eller komedie, på originalspråket. Dessutan skal eit utval tragediar og komediar studerast i omsetjing. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne) og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (serleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har
- auka kjennskap til språk, stil og tematikk i det greske dramaet
- auka kjennskap til gresk litteraturhistorie med vekt på tragedien og komedien i den klassiske epoke
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese metriske greske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
- identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk.
- gjere greie for de viktigaste greske dramatiske poetar
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst tre av greskemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.
Ein dobbelttime i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er eit utval gresk dramatekst i kommenterte utgåver. Dessutan inngår et utval gresk dramatekst i omsetjing, og delar av framstellingar av gresk litteratur- og religionshistorie, metrikk og språkhistorie.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok. Ordboka skal vere frå gresk til morsmål eller frå gresk til anna valfritt språk og skal ikkje innehalde bøyingsmønster: Berg, Græsk-dansk ordbok eller ordbok av tilsvarande storleik.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium