Kvalitative forskningsmetodar og -tradisjonar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- HELSAM304
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gi studentane inngåande kunnskap om kvalitative forskingsmetodar og tradisjonar, deira bruk og metodologiske- og forskingsetiske fundament. Emnet skal bidra til utvikling av ei analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på bruk av kunnskap om metodologi, metode, metodebruk og forskingsetikk.
Innhald:
Emnet dekkjer ulike typar kvalitative forskingsmetodar, deira teoretisk-metodologiske fundament og praktiske framgangsmåtar, med særskilt vekt på forsking i helsefaga. Emnet gir innsikt i samanheng mellom forskingsspørsmål og val av metodisk tilnærming og i forholdet mellom teori og empiri. Det vert og lagt vekt på vesentlege aspekt knytt til gyldigheitsspørsmål i kvalitativ forsking som truverd, relevans, refleksivitet og overførbarheit. Kunnskap om normer for vitskapleg virke og forskingsetikk vert anvendt i planlegging av prosjekt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har:
- inngåande kunnskap om ulike kvalitative forskingsmetodiske tilnærmingar
- grunnleggande kunnskap om ulike tradisjonar kvalitativ forsking i helsefaga har sine røter i
- inngåande kunnskap om forholdet mellom forskingstradisjonane sine metodologisk-teoretiske fundament, type kunnskap ein spør etter og val av metodiske framgangsmåtar i produksjon og analyse av eit forskingsmateriale
- grunnleggande kunnskap om analyse av ulike typar kvalitativt forskingsmateriale
- inngåande kunnskap om gyldigheitskriterier i kvalitativ forsking
- grunnleggande kunnskap om normer for vitskapleg virke og forskingsetikk
Ferdigheiter
Studenten kan:
- orientere seg om tidlegare forsking i eit problemfelt og utvikle forskbare problemstillingar med utgangspunkt i eksisterande kunnskap i feltet
- planlegge og gjennomføre ulike typar kvalitative intervju, observasjon og kjeldegransking
- utforme og grunngje forskingsdesign og metodologisk tilknyting i konkrete forskingsprosjekt
- grunngje val av teori i konkrete forskingsprosjekt
- anvende kunnskap om normer for vitskapleg virke og forskingsetikk i utvikling av konkrete prosjekt
Generell kompetanse
Studenten kan:
- vise sjølvstende i bruk av sine kunnskapar om metodologi og metodiske framgangsmåtar i planlegging av kvalitative forskingsprosjekt
- vise evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som forskar i kunnskaps-produksjonen
- vise evne til kritisk refleksjon over forholdet mellom tradisjonstilknyting og type kunnskap ein spør etter
- vise evne til kritisk refleksjon over forholdet mellom teori og empiri i kvalitative forskingsprosjekt
- vise evne til kritisk refleksjon over gyldigheitsspørsmål i kvalitative forskingsprosjekt
- vise evne til kritisk refleksjon over etiske problemstillingar i kvalitative forskingsprosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
HELSAM304 overlapper med:
- HEL320 (10 sp)
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige tre semester.