Helsefagleg relevant vitskapsteori og forskingsetikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

1. Gje fagrelevant opplæring i vitskapsteori og forskingsetikk.

2. Gje fagrelevant opplæring i vitskapeleg tenkjemåte, grunnlagsproblem og forskingsmessig tilnærming med relevans for dei ulike studieretningane

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten skal kunne gjere greie for

  • Innhaldet i sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar.
  • Grunnleggjande vitskapsteoretiske forskingsverktøy (omgrepsavklaring, klassifisering, logiske prinsipp).
  • Innhaldet i relevante forskingsetiske prinsipp og retningslinjer.

Ferdigheiter:

Studenten skal vere i stand til å

  • Kritisk analysere og diskutere kunnskapsteoretiske problemstillingar knytt til eige fagområde.
  • Reflektere over kunnskapsproduksjon i eige praksisfelt.
  • Kritisk vurdere vitskapsteoretisk perspektiv i fagartiklar.
  • Vurdere forskingsetiske og samfunnsmessige utfordringar knytt til eige fagfelt og bidra til nytenking.
  • Utøve forskingsetisk skjønn i møte med konkret forskingsarbeid.

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
HELVIT300 har fullt overlapp med HELSAM302 (5sp).
Krav til studierett
Integrert master i farmasi, Master i biomedisin
Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer:

  • Førelesingar med studentaktiviserande element
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium

Emnet blir undervist i bolkar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Min. 80% frammøte på forelesingar og seminar, samt aktiv deltaking i gruppearbeid.
Vurderingsformer

Essay og refleksjonsnotat (i høve essay-skriving)

5 til 7 sider inklusiv referansar (font 12, linjeavstand 1,5).Inntil 3 studentar kan skrive essay saman (den enkelte sitt bidrag må da gjerast greie for i refleksjonsnotatet).

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturliste vert lagt ut på Mitt UiB/Leganto
Emneevaluering
Skriftleg evaluering.
Programansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Medisinsk fakultet
Emneansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

kontakt: studie@igs.uib.no