Fordjuping i Midtaustens historie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i eit historisk tema i frå Midtaustens historie. Temaet, som vil variere frå semester til semester, skal vere ei tematisk og kronologisk avgrensa studieeining som inkluderer historisk teori og metode. Det blir kunngjort kva for tema det blir gjeve undervisning i.

Trykk her for informasjon om temaet som er gjeldande dette semesteret

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har djupare historisk innsikt gjennom eit meir inngåande studium av eit avgrensa tema
  • kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til historisk forsking

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til sjølvstendig drøfting av historiske problemstillingar og framstillingar innan det aktuelle temaet, og å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til kritisk tenking og problematisering av tematikk, teori og metode
  • har erfaring med å analysere komplekse fenomen og å formidle historisk innsikt.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust.

Undervisninga går føre seg i andre halvdel av semesteret (undervisningsblokk haust 2).

Emnet vert ikkje tilbode kvar haust, men alternerer med dei andre fordjupingsemna innan Midtaustens historie (HIM103, HIM104).

Emnet vert tilbode våren 2024.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Tilrådd startgrunnlag er HIM101.

Studiepoengsreduksjon
Overlapp HIM201 (15 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 25 undervisningstimar totalt).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei øvingsoppgåva på om lag 1500 ord. Godkjend øvingsoppgåve er gyldig i inneverande og dei to påfølgjande semestera.
Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.

For å ta eksamen, må studenten ha fått godkjend den obligatoriske øvingsaktiviteten.

Tema for emnet varierer. Dersom ein ikkje avlegg eller ikkje greier eksamen i undervisningssemesteret, kan ein i det første påfølgjande semester gå opp til eksamen i det temaet det blei undervist i førre semester. Skal ein ta eksamen opp att etter dette, må ein følgje undervisninga på nytt og ta eksamen i det temaet ein sist har hatt undervisning i.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Sjå elles avsnittet om vurderingsformer.
Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1400 sider

Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.