Oversyn over eldre historie til 1750

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi oversyn over lange utviklingslinjer og sentrale historiske problem frå antikken fram til om lag 1750.

Emnet søkjer å setja europeisk og norsk historie i globale referanserammer og perspektiv. Målet er å gi studenten verktøy til å analysera samfunn komparativt i tid og rom.

Av sentrale tema er oppkomst og utvikling av bystatar, kongerike og imperium; grunnleggjande trekk ved teknologi, økonomi og sosial organisering i by- og jordbrukssamfunn; kontakt mellom samfunn og kulturar gjennom migrasjon, kommunikasjon og nettverk; regionale, kulturelle fellestrekk i forhold til lokale særtrekk; forholdet mellom verdsleg makt, religion og religiøse institusjonar.

Emnet er obligatorisk i ein spesialisering i historie, og i et historie årsstudium.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om sentrale hendingar, institusjonar, system og prosessar opp til ca. 1750. Kunnskapane skal ha europeisk, globale og norske referanserammer. Studenten har også grunnleggjande kunnskap om historiefaget sine metodar.
  • har lært om korleis historia har forma verda vi lever i dag, korleis dei kan arbeide med faglitteratur og kjelder for å belyse historiske spørsmål og korleis historikarar tenker om samspelet mellom ulike delar av samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere og diskutere historiske forskingsproblem
  • kan stille seg aktivt og kritisk til historiske framstillingar i faglitteratur og samfunnsdebatt

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å drøfta historiske problemstillingar og til å trekkja eigne konklusjonar.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår. Undervisninga går føre seg i første halvdel av semesteret (undervisningsblokk vår 1).

Undervisningsstad

Institutt for arkeologi, historie og kultur- og religionsvitenskap, Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar (om lag 40-45 undervisningstimar totalt).

Ekstra studentseminar kan verte tilbode om ressursar er tilgjengelege.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på om lag 1000/1500 ord. Oppgåva skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.

Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i eit semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
  • 6- timars skriftleg skuleeksamen på inntil 3000 ord.
  • Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere gyldige for å kunne møte til eksamen.

    Karakterskala
    Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
    Vurderingssemester
    Vår. Det blir og arrangert eksamen tidleg i påfølgjande haustsemester for studentar med godkjente obligatoriske arbeidskrav.
    Litteraturliste

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

    Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1500 sider.

    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert jamleg.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    -
    Administrativt ansvarleg
    Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.