Laboratoriekurs i måleteknologi og instrumentering
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- HTEK202
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om berre norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet har som mål å gi trening i PC-basert datainnsamling, analyse og styring med bruk av standard måleinstrument og prosessinstrumentering.
Innhald
Emnet tar opp tema som PC-basert kommunikasjon med måleinstrument via standard kommunikasjonsprotokoller, samt inn- og ut-lesing av elektriske spenningar via standard multifunksjons-datainnsamlingskort. I tillegg tar emnet opp tema som signalrespons på 1. og 2. ordens system, kalibrering av standard sensorar for temperaturmåling, samt regulering av dynamiske system. Vidare inneheld kurset utlesing av data og styring av en to-fase (luft/vann) strøymingsrigg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avanserte kunnskapar om bruk av måleinstrument og standard kommunikasjonsprotokollar mellom PC og måleinstrument, og mellom PC og eksperiment
- har inngåande kunnskap om linearisering av prosesser og dekopling av kopla prosessar
- har inngåande kunnskap om virkemåten til en to-fase strøymingsrigg
Ferdigheiter
Studenten
- kan kople opp eksperimentelle oppsett, samt bruke standard måleinstrument
- kan nytte programmeringsverktøy for PC-basert datainnsamling og presentasjon av måledata
- kan bestemme den fysiske modellen til eit multivariabelt reguleringssystem og regulere dette basert på programmering av ein PID-regulator
Generell kompetanse
Studenten
- kan anvende kunnskapar og ferdigheter innan PC-basert datainnsamling, analyse og styring for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekter på nye måletekniske områder
- kan planlegge og gjennomføre eit eksperimentelt arbeid basert på gruppesamarbeid, samt kan skrive ein laboratorierapport etter på førehand oppsette krav
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust og vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Sjå og informasjon under «Krav til studierett».
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Emnet har et avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Vidare gjeld følgande for tilgang til emnet:
- I vårsemesteret er plassane på emnet reservert for studentar med studierett på 5-årig integrert masterprogram i havteknologi. Eventuelle ledige plassar kan tildelast andre studentar etter prinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.
- I haustsemesteret er plassane på emnet reservert for studentar med studierett på 5-årig integrert masterprogram i medisinsk teknologi og 2-årig masterprogram i fysikk. Eventuelle ledige plassar kan tildelast andre studentar etter prinsippa som gjeld for undervisningsopptaket.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Munnleg eksamen (praktisk/ teoretisk) på laboratoriet (45 minutt) som utgjer 100% av endeleg karakter