Informasjonsteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INF242
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kva er informasjon? Emnet handlar om mål for informasjonsinnhald av digitale symbol og symbolsekvensar. Med utgangspunkt i Shannons informasjonsteori blir det gitt ei innføring i grunnlaget for datakompresjon, feilkorrigerande kodar og kryptografi. Ein tek óg opp bruk av informasjonsteori i datanett, og vi studerar informasjonsteoretiske wiretap-kanalar for å introdusera samanhangen mellom tryggleik og informasjonsteori. Vi undersøkar óg anvendingar på gambling og hesteveddeløp.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten skal kunne:
- Gjere greie for omgrepa entropi og gjensidig informasjon.
- Forstå korleis informasjon kan representarast på ein måte som er effektiv for bruken.
- Gjere greie for bruk av informasjonsteori i fleirbrukarkanalar, i kringkastingskanalar og i generelle nettverk.
- Forklare informasjonsteoretiske aspekt ved datatryggleik.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- Bestemme kanalkapasitet for ein diskret-inndata minnelaus punkt-til-punkt kanal med gjevne parametrar.
- Implementere algoritmar for kjeldekoding av enkle kjeldar og kjeldar med minne, og andre algoritmar som vert gjennomgått i emnet.
Generell kompetanse
Studenten skal kunne
- Ha ei god forståing for fagområdet informasjonsteori.
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
INF144 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar / 4 timar pr. veke
Førelesningar / 13 veker
Øvelser: 2 timer i uken
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Skriftleg digital skuleeksamen (3 timar).
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.