Ikkje-lineær optimering
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- INF272
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gjev ei innføring i teorien som ligg til grunn for å lage effektive metodar til å løyse ikkje-lineære optimeringsproblem med og utan sidekrav. Dette inkluderer linjesøk, trustregion og metodar som ikkje nytter dei deriverte for optimeringsproblem utan sidekrav . For optimeringsproblem med sidekrav blir Karush-Kuhn-Tucker-teorien og dei grunnleggande løysingsmetodane studert. Den nære samanhengen med Maskinlæring og stokastisk nedstigning vert diskutert.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta INF272 ha følgjande læringsutbyte.
- kan forklare korleis eit kontinuerleg optimeringsproblem kan løysast.
- kan gjere greie for den matematiske teorien som ligg til grunn for algoritmane for kontinuerlege optimeringsproblem.
- kan analysere effektiviteten til løysingsmetodane
- kan forklare samanhengen med maskinlæring.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Uregelmessig. Emnet går våren 2023.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
I274: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar/ 4 timar per veke
Dataøvingar/ 2 timer per veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:studieveileder@ii.uib.no">studierettleiar
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.