Innføring i informasjonsvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INFO100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
INFO100 skal gi ei grunnleggjande innføring i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og denne teknologien sin plass i samfunnet. Emnet skal også gi ei grunnleggjande innføring i informasjonsvitskaplege problemstillingar, teoriar, og teknologiar. Det skal og gi aktuelle døme på informasjonsvitskapleg forsking og forskingsmetode. I emnet inngår også arbeid med laboratorieoppgåver som gir dei første røynsler med praktisk arbeid med sentrale typar IKT-verktøy.
Emnet kan kort seiast å dekkje følgjande tre område:
- Grunnleggjande informasjons- og kommunikasjonsteknologi, blant anna datamaskinen og programvara si oppbygging og virkemåte, nettverk og databasar, informasjonssystem og brukargrensesnitt.
- Samfunnsperspektiv på IKT, til dømes spørsmål om personvern, etikk, sårbarheit- , sikring og IKT-politikk.
- Aktuelle døme på informasjonsvitskapleg forsking, informasjonsvitskaplege problemstillingar og informasjonsvitskapleg forskingsmetode.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan hovudtrekka i det teoretiske og teknologiske grunnlaget for informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
- har ei grunnleggjande forståing av einskilde informasjonsvitskaplege problemstillingar og forsking.
- har ei grunnleggjande forståing av rolla til IKT i samfunnet.
Ferdighet
Studenten
- kan bruke utvalte IKT-teknologier og -verktøy
- kan delta i visse praktiske IKT-prosjekt, til dømes med med vevutforming ("web design").
- kan drøfte IKT, IKT-bruk og IKT si rolle i samfunnet på ein kritisk måte.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Skuleeksamen, 3 timar
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.