Informasjonssystem
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- INFO110
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet skal gi det teoretisk grunnlaget for deltaking i arbeid med informasjonssystem, enten det gjeld administrering, utgreiing- eller vurderingsarbeid eller planlegging og gjennomføring av prosjekt.
Emnet presenterer ulike typar informasjonssystem og diskuterer korleis dei på ulike måtar støttar moderne verksemder. Sentrale forhold knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem blir presentert og drøfta, saman med forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk. Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi på individuelt, gruppe- og organisatorisk nivå blir vektlagt. Eit praktisk prosjekt blir gjennomført som ein obligatorisk emneoppgåve.
Læringsutbytte
Emnet gir ei oversikt over ulike typar av informasjonssystem og deira plass i organisasjonar og samfunn. Emnet gir og kunnskap om korleis slike system kan nyttast for å realisere organisatoriske og forretningsmessige mål i verksemder. Vidare tar emnet opp sentrale oppgåver knytt til administrering, utvikling, anskaffing, innføring, drift og vidareutvikling av informasjonssystem. Forhold knytt til tryggleik, personvern og etikk blir og drøfta.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
3 timar karaktersett skriftleg prøve (60%). 3 karaktersette obligatoriske gruppeoppgåver (40%). Oppgåvene må gjerast i undervisningssemesteret.