Mikroøkonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet for kurset er å gi ei innføring i mikroøkonomisk tankegang og metode. I første delen av kurset blir studentane kjende med teorien for frikonkurranse, inkludert konsumentteori og produsentteori. Andre delen av kurset tek for seg strategisk åtferd (spillteori), enkel investeringsteori, og koplinga mellom mikroøkonomi og teknologi. Det blir gjennom heile kurset lagt vekt på praktiske bruksmåtar, og korleis mikroøkonomi kan brukast til å forstå fenomen frå verkelegheita.

Den første delen av kurset startar med ei innføring i sentrale mikroøkonomiske omgrep som etterspurnad, tilbod, marknadsprisar, rasjonalitet, likevekt, og effektivitet. Det blir gitt ei innføring i teorien om etterspurnaden til kvar enkelt konsument etter varer og tenester, samt korleis den enkelt bedrifts tilbod blir bestemd av profittmaksimering. Vidare vil ein ta for seg sentrale delar av marknadsteorien; korleis marknadsprisar blir bestemde, og om marknaden fungerer effektivt eller ikkje. Det blir lagt vekt på å karakterisera ulike typar av marknader, så som frikonkurranse, monopol og oligopol.

Den andre delen av kurset tek for seg nettverkseksternaliteter mellom konsumentar i teknologimarknader, intertemporale val slik som konsum/sparing/investering, og investeringsavgjerder under usikkerheit.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for korleis mikroøkonomi forklarer prisdanning i eit marknad
  • Kan gjere reie for sentrale omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt, og effektivitet
  • Har kunnskap om den grunnleggjande teorien for konsumentar sine økonomiske val, og korleis denne gir opphav til etterspurnadsfunksjonar.
  • Har kunnskap om samanhengen mellom produktivitet og kostnader for produsentar, og korleis denne gir opphav til tilbodsfunksjonar.
  • Kjenner til teoriar for korleis pris dannast i marknader prega av perfekt og avgrensa konkurranse.
  • Kjenner til grunnleggande spillteori, inkludert Nash (Cournot) likevekt.
  • Kjenner til grunnleggande teori for usikkerheit og for noverdi, inkludert bruksmåtar mot prising av aksjar, obligasjonar, og andre verdipapir
  • Har kunnskap om korleis mikroøkonomi kan brukast til å forstå samfunnsaktuelle problemstillingar.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • Kan gjere greie for sentrale omgrep i mikroøkonomisk analyse, til døme effektivitet, tilbod og etterspurnad, marknadsjamvekt og ulike kostnadsomgrep.
  • Kan gjere greie for og samanlikne prisdanning i marknader med ulik grad av konkurranse ved hjelp av matematiske modellar og figurdrøfting.
  • Kan gjere greie for korleis samfunnsøkonomisk overskot fordelar seg mellom produsentar og konsumentar i ulike typar marknader ved hjelp av enkle matematiske modellar og figurdrøfting
  • Kan finne Nash likevekter i spill ved hjelp av figurdrøfting og utrekningar
  • Kan gjere greie for korleis offentleg regulering og tilsyn påverkar prisdanning og fordeling i marknaden.
  • Kan berekne noverdiar av kontantstraumar.
  • Kan berekne verdien av ulike usikre alternativ.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • Kan følgje uformelle resonnement knytt til faget i til dømes debatter i Dagens Næringsliv, eller faglege utgreiingar kring politiske verkemiddel.
  • Har trening i å framstilla resonnement ved hjelp av matematiske modellar og figurar.
  • Har trening i å ta avgjerder gjennom deltaking i eksperiment.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
10 studiepoeng med ECON110
Krav til studierett
Emnet er avgrensa til studentar opptekne på studieprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år. 
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske innleveringar, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesningar (minst 80%) og på seminar (minst 67%).

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innen 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
  • Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
  • Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for emnet.