Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei generell oversikt over kunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken til tidleg mellomalder. Innan antikken vil tyngdepunktet ligge på gresk kultur i arkaisk, klassisk og hellenistisk tid, dessutan romersk, seinantikk og tidleg kristen kultur. Innan mellomalderen er tyngdepunktet tidleg mellomalder i Italia, og dessutan bysantinsk kunst (326-1453). Tekniske, ikonografiske, estetiske, religiøse, historiske og andre aspekt vil bli diskuterte. Teoretiske og metodiske spørsmål vil også bli tatt opp.

Val av tematiske tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Tema for våren 2024 er «ANTIKKENS KUNST- OG KULTURHISTORIE INKLUDERT DET GAMLE EGYPT». Pensum og undervisningsopplegg legger derfor vekt på antikken fra det gamle Egypt til senantikken i den gresk-romerske verden. Studenter som ønsker å orientere seg om Bysants og tidlig middelalder finner forslag til kursorisk litteratur i den digitale litteraturlisten.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan gjere greie for dei viktigaste tendensane innan eldre kunst, arkitektur og visuell og materiell kultur.
  • har brei kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innan perioden
  • har kunnskap om fagområdets tradisjonar og metodar
  • har kjennskap til ny forsking innan periodens kunst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte kunsthistoriske metodar
  • kan analysere verk og monument frå antikken og den tidlege mellomalderen
  • kan vurdere og plassere verk i en kunsthistorisk kontekst
  • kan drøfte relevante faglege problemstillingar kritisk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff
  • kan utføre oppgåver på sjølvstendig vis
  • kan oppdatere seg og tileigne seg ny kunnskap

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Det er full overlapping mellom KUN105 og KUN131 og delvis overlapping mellom KUN105 og KUN132. Studentar som kombinerer KUN105 med KUN131 får inga utteljing i nye studiepoeng. Studentar som kombinerer KUN105 med KUN132 får ikkje meir enn 10 studiepoeng utteljing.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • Ein sjudagars heimeeksamen; omfang 3500-4000 ord.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie.
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium