Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUN106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/skandinavisk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet presenterer og drøfter sentrale verk og kulturelle og teoretiske omgrep knytte til kunst, arkitektur og visuell kultur i perioden 1750-1950. Sentrale tema er effekten framveksten av den moderne kunstinstitusjonen på 1700-talet, ny vitskap og teknologi, nye kunstteoretiske omgrep og kulturmøte og -kampar har i den visuelle kulturen. Ein ser såleis på fotografi og visuell populærkultur som kunsthistorisk fagområde. I biletkunsten tek ein føre seg den begynnande modernismen på 1800-talet og dei sjangeroverskridande avantgarde-praksisane først på 1900-talet. Arkitekturhistoria fokuserer på endringane ny teknologi, byutvikling og arkitektonisk praksis frå 1800-talets historisme til gjennombrotet av modernistisk ideologi etter 1900.
Kulturmøte både i Europa og mellom europeiske og ikkje-vestlege kulturar er eit aktuelt tema. Emnet gir ei oversikt, og utviklar også evne til å nærme seg kunst og visuell kultur som historiske dokument og estetiske objekt. Ein tek opp spørsmål knytt til tolking og historisk kontekstualisering, og ein tematiserer korleis kunst, arkitektur og andre visuelle ytringar kan ha bestemte retoriske siktemål og effektar.
Val av tematiske tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om sentrale trekk og tendensar ved utviklinga av biletkunst, arkitektur og visuell kultur i tidsrommet 1750-1950
- har kjennskap til teoretiske problemstillingar og forskingstradisjonar som er relevante i fagfeltet i perioden
- har grunnleggjande føresetnader for å fordjupe seg sjølvstendig i estetiske uttrykk frå perioden 1750-1950
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere greie for viktige kunstnarlege tendensar, visuelle uttrykk og teoretiske omgrep knytte til kunst, visuell kultur og arkitektur i perioden 1750-1950
- kan analysere kunst, visuell kultur og arkitektur frå den aktuelle tidsperioden i relasjon til relevante historiske og politiske kontekstar, og med utgangspunkt i forskingslitteraturen på feltet
- kan identifisere og presentere relevante kritiske og teoretiske posisjonar i faglitteraturen
- kan vere fortruleg med og nytta fagterminologi og vitskapelege tilnærmingar i diskusjonar om kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1950
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff frå fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1950 munnleg og skriftleg
- kan gjere greie for og aktivt nytte analytiske og teoretiske omgrep som står sentralt i fagfeltet
- kan nærme seg feltet frå ein fagleg informert ståstad
- kan ha etablert eit grunnlag for sjølvstendig arbeid med problemstillingar knytt til fagfeltet kunst, visuell kultur og arkitektur frå perioden 1750-1950
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt som førelesingar og som seminar. Det blir normalt gitt seminarundervisning tilsvarande om lag 8 timar per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillèt det, kan seminarundervisninga bli utvida.
Det blir normalt gitt seminarundervisning tilsvarande om lag 8 timar per gruppe. Dersom ressurssituasjonen tillèt det, kan seminarundervisninga bli utvida.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
- Ein 7-dagars heimeeksamen. Oppgåva skal vere på 3500-4000 ord.