Forskingsfordjupning i kunsthistorie: feltarbeid, fagmiljø og fellesskap

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

I dette emnet lærer studentane om kunsthistorisk fagmiljø og fellesskap gjennom å delta i eit større forskingsprosjekt. Tema og ramme varierer frå år til år. Dei aktuelle prosjekta kan vere individuelle eller kollektive forskingsprosjekt i det kunsthistoriske fagmiljøet og/eller offentlege kunst- og kulturinstitusjonar og andre kunnskapsbedrifter i Bergen. Studentane lærer å planlegge og gjennomføre sjølvstendige oppgåver innanfor rammene av det gitte prosjektet. Gjennom emnet vert studentane introduserte til ulike kunsthistoriske forskingskulturar, og dei vil få innblikk i fagleg prosjektplanlegging gjennom deltaking på ulike forskingsaktivitetar.

Før semesterets oppstart vert studentane presenterte for det aktuelle/dei aktuelle forskingsprosjekta. Ved semesterstart vil dei òg få informasjon om kva for oppgåver som kan vere aktuelle på emnet. Utvalet og type oppgåver det er snakk om, varierer frå år til år avhengig av forskingsprosjekt. Arbeid som inngår i oppgåva, kan til dømes vere feltarbeid, innsamling, organisering og klassifisering av arkiv eller anna empirisk materiale, litteraturgjennomgang knytt til eit teoretisk eller anna kunsthistorisk problem, og liknande.

Studentane gjer avtale med emneansvarleg om oppgåver innanfor ramma til det aktuelle forskingsprosjektet. Studenten må formulere ein prosjektplan for semesteret som skal godkjennast av den faglege kontaktpersonen.

Mål for emnet er at studentane skal opparbeide ferdigheiter som er relevante for ei rekke delar av arbeidslivet. Dei vil mellom anna ha erfaring med prosjektplanlegging og gjennomføring av faglege oppgåver, både sjølvstendig og i grupper. Dei vil ha erfaring med å avgrense og utvikle prosjekt av kunsthistorisk karakter, nærme seg faglege problemstillingar med kritisk blikk, og skrive ulike tekstar knytte til prosjektet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte: Emnet gir spesialkompetanse i kunsthistorie innan eit aktuelt forskingsfelt, og skal bidra til å utvikle analytiske evner og teoretisk og metodisk refleksjon. Emnet gir ein introduksjon til allmenn forskingskompetanse som kan komme til bruk ved seinare arbeid med masteroppgåva og i kunst- og kulturinstitusjonar og kunnskapsbedrifter av ulike slag.

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa kunsthistorisk forskingsemne eller ei metodisk problemstilling innanfor rammene til eit forskingsprosjekt.
  • har kunnskap om ulike aspekt ved eit forskingsprosjekt på eit universitet og/eller ein kunst- og kulturinstitusjon eller andre kunnskapsbedrifter.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan løyse fagleg relevante problemstillingar innan prosjektplanlegging og gjennomføring.
  • kan formulere ein prosjektplan for forskingsrelaterte oppgåver om eit kunsthistorisk tema.
  • kan arbeide sjølvstendig og i team med forskingsrelaterte oppgåver.

Generell kompetanse

Studenten

  • har innblikk i ulike aspekt ved kunsthistorisk forsking, nasjonalt eller internasjonalt (planlegging, gjennomføring og formidling).
  • har overblikk over ulike forskingskulturar innan kunsthistorisk relatert forsking på eit universitet og/eller ein kunst- og kulturinstitusjon eller andre kunnskapsbedrifter.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i kunsthistorie.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga er individuelt tilpassa, men med seminarundervising eller workshops i mindre grupper med aktiv deltaking frå studentar. Val av konkrete oppgåver skal gjerast i samarbeid med emneansvarleg og andre faglege kontaktpersonar, men studentanes eigne interesser og ferdigheiter kan takast med i betraktninga av planlegginga. Det er forventa at studentane deltar aktivt.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminarundervising eller workshops er obligatorisk og blir godkjent med maskimalt 20 prosent fråvære.

Innlevering av individuelt tilpassa arbeidsplan - med framdriftsplan - over oppgåver som skal gjennomførast gjennom semesteret. Arbeidsplanen skal leverast til fastsett frist.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Mappeevurdering

Innhald i mappa:

Den godkjende arbeidsplanen med framdriftsplan.

Dokumentasjon over utførte oppgåver.

Eit essay på 2 500-3 000 ord.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum skal tilpassast individuelt til kvar student, basert på forskningsoppgåvene sin natur og omfang.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie
Emneansvarleg
Fagmiljøet i kunsthistorie
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium