Frå innsamling til analyse
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUVI306
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Undervisning gis på skandinaviske språk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- kjenner til kva som kjenneteiknar ulike typar kulturvitskapleg materiale.
- har spesialkompetanse i analyse av kulturvitskapleg materiale.
- har kunnskap om kulturvitskapens metodiske framgangsmåtar.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan velje ut og arbeide med ulike typar kjeldemateriale ut frå kulturvitskaplege problemstillingar
- kan gjennomføre kulturvitskaplege analyser av eit empirisk materiale.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan vurdere eit kjeldemateriale sine moglegheiter og avgrensingar
- kan gjere forskingsetiske vurderingar.
- kjenner til ein kulturvitskapleg forskingsprosess frå val av tema og kjeldemateriale til ferdig analyse.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på metodeøvingar, skriveøvingar og ekskursjonar. Det er krav om 80 % deltaking.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Emnet har mappevurdering. Mappa består av tre oppgåver. Kvar oppgåve skal være på om lag 1000 ord. Oppgåvene skal leverast samla ved semesterslutt. Det blir gitt ein samla karakter, der kvar oppgåve vert vekta likt. Alle oppgåvene må vere leverte og beståtte i eitt og same undervisningssemester.
Mappa skal innehalde følgjande deler:
- Tre notat om kjeldekategoriar som er blitt tematisert i undervisninga. Notata skal innehalde refleksjonar over det analytiske potensiale i kjeldematerialet, samt ei forskingsetisk vurdering av bruken av materialet.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.