Kjønn i det moderne
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KVIK101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
KVIK101 Kjønn i det moderne er eit emne som gir innføring i feministiske og kjønnsteoretiske perspektiv og tradisjonar. Emnet er fleirfagleg, med hovudvekt på humanistiske og samfunnsvitskaplege teoriar og perspektiv.
Undervisninga gir ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep og spørsmål som gjeld kjønn og seksualitet innan ei rekkje fagområde. Emnet gir og ein presentasjon av den historiske utviklinga til moderne kjønnsteori som eit eget felt og eit overblikk over idear knytte til kjønn og seksualitet innan ulike teoriutviklingar.
KVIK101 er eit obligatorisk emne i bachelorgraden i kjønnsstudium.
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK101
- har ei generell oversikt over sentrale problemstillingar i studiet av kjønn
- kjenner til sentrale feministiske og kjønnsteoretiske perspektiv og tradisjonar
Ferdigheter:
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk omkring det ulike retningane innanfor kjønnsteori, samt setje dei i eit historisk og globalt perspektiv
- kan drøfte relevansen av kjønnsteoretiske perspektiv på andre fagområde og på aktuelle problemstillingar
Generell kompetanse:
- kan arbeide sjølvstendig med ei oppgitt problemstilling
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bli gitt som førelesingar, normalt 2 dobbelttimar i veka over 12-14 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1. Ein breiddetest med spørsmål frå ulike delar av pensum. Godkjend / ikkje godkjend.
2. Obligatorisk deltaking i studentdrevne kollokviegrupper (75 %). Kvar student skal ha hovedansvar for ei samling i løpet av semesteret.
3. Det publiserast oppgåver til kvar forelesing på MittUiB. Det er obligatorisk å levere og få godkjend tre obligatoriske oppgåver i løpet av semesteret.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det semesteret dei vart godkjende, jf. hovudregelen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
7 dagars heimeeksamen på 3-4000 ord. Referanseliste kjem i tillegg.
Den obligatoriske undervisingsaktviteten må vere bestått for å kunne levere heimeeksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum knytt til KVIK101 er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet.
Tekstane er på norsk og engelsk.
Pensum er på om lag 1000 sider.