Latin: Prosa og grammatikk I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LAT102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet gjer auka kunnskap i latin med vekt på sikker meistring av elementa i formlæra og av det sentrale ordtilfanget, men også auka kunnskap om syntaks.
Innhald
Lesing av normaliserte og lettare originaltekst frå antikken og seinare tid. Det er førelesningar om syntaks, formlære, og tekstens historiske bakgrunn.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har auka kjennskap til latinsk språk og grammatikk.
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk
- omsetje enkle norske setningar til latin.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over delar av pensumtekstane) og øvingar (i praktisk språkmeistring, m.a. gjennom omsetjing til latin, og i bruk av ordbok).
Omlag 48 timar, tre gonger i veka første halvdel av semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen består av ei skriftleg prøve på 6 timar, der kandidaten skal omsetje ein pensumtekst frå latin med ordbok, svare på grammatiske spørsmål og omsetje enkle setningar frå norsk til latin.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på til saman omlag 40 sider latinsk originaltekst.
Dessutan inngår hovuddraga av formlære og syntaks, samt delar av ei framstelling av den latinske litteraturhistoria.