Latinsk prosa og grammatikk II
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LAT105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål
Emnet gir auka kunnskap i latinsk ordforråd, formlære og syntaks, og eit oversyn over romersk litteratur- og kulturhistorie.
Innhald
Lesing av sentral prosatekst frå antikken. Det er førelesingar om syntaks, formlære og tekstens historiske bakgrunn.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har
- auka kjennskap til latinsk språk og grammatikk
- innsikt i det romerske samfunnet og litteratur
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- lese latinske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
- identifisere former og analysere setningar på latin ved hjelp av grammatikk
- omsetje enkle norske setningar til latin
- gjere greie for viktige romerske forfattarar, politikarar, og hendingar innanfor latinskspråkleg litteratur og kultur
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gjeven i form av førelesingar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til latin.
Om lag 42 timar, tre gonger i veka siste halvdel i semesteret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
6 timars skriftleg eksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.