Semantikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LING116
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk; engelsk dersom naudsynt.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Hausten 2021 vil kurset bli undervist på engelsk.
Kurset omfattar grunnleggjande semantiske emne som t.d. ord- og setningsmeining, referanse, innhald og denotasjon, leksikalske semantiske relasjonar, komposisjonalitet, semantiske roller, deiksis, logisk følgje, presupposisjon og implikatur, m.m. Vidare blir det gjeve ei innføring i modellteoretisk semantikk (ein logisk teori som søkjer å gjere greie for setningsmeining gjennom å relatere setningar til modellar av verda) og tilhøvet mellom semantikk og syntaks.
Læringsutbyte
Kunnskapar¿
Kandidaten kan
- attgje og drøfte grunnleggjande omgrep og metodar innanfor lingvistisk semantikk
- knytte semantiske problemstillingar til lingvistiske teoriar
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- kritisk vurdere semantiske omgrep og metodar i høve til semantiske formaliseringar
- nytte grunnleggjande omgrep og metodar innanfor lingvistisk semantikk for å tolke språkyttringar.
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- analysere språkvitskaplege problemstillingar knyttet til semantikk
- kommunisere om problemstillingar, analysar og konklusjonar innan lingvistisk semantikk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er basert på førelesingar, omlag 24 timer pr semester.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Heimeeksamen på seks timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.