Morfologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- LING125
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I morfologi skal studentane setje seg inn i følgjande emne og gjere greie for dei:
- avgrensing mellom morfologi og fonologi;
- type/varians-omgrep: morfem, morf, allomorf, morfofonologisk veksling;
- forskjellige ord-omgrep: syntagmatisk ord, ordform, morfo-syntaktisk ord, leksem;
- konstruksjonstypar i ord: stammedanning (samansetjing, avleiing) og bøying;
- emne frå grenseområdet morfologi/syntaks: ulike definisjonsgrunnlag for ordklasseinndeling, viktige morfologiske og syntaktiske kategoriar av nominal og verbal type i ymse språk;
- hovudmodellar for beskriving av språk: prosess og arrangement.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan...
- gjere greie for viktige utgangspunkt innan moderne morfologisk teori
- omskrive viktige omgrep og modellar innan morfologi
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- vurdere og samanlikne morfologiske beskrivingar
- nytte metodar og omgrepsapparatet innan morfologi
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- bruke lingvistisk argumentasjon i samband med morfologiske fenomen
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine analysar
Emnet er nyttig for studentar som skal arbeide vidare med morfologiske emne innanfor eit språkstudium eller innanfor lingvistikk.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er basert på førelesingar, samt øvingsoppgåver med gjennomgåing i seminar, about 36 hours per semester.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Sluttvurdering i form av ein skriftleg skuleeksamen på fire timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.