Eksperimentell psykolingvistikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LING306
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, Engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan...
- gjere greie for viktige utgangspunkt, omgrep og metodar innan eksperimentell psykolingvistikk, inklusive etiske omsyn
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- setje opp og utføre enkle eksperiment, tolke resultata og formidle aktiviteten i form av ein rapport.
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- uttrykke seg skriftleg om eksperiment og resultat i ein rapport i APA-format
- ha eit kritisk blikk på eigne og andre sine eksperiment og resultat
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar, og design/programmering av eit eksperiment på datamaskin, utføring av eksperimentet og statistisk analyse og interpretasjon av resultata; om lag 36 timar pr semester. Vidare blir det gjeve 1 eller 2 timar individuell rettleiing i samband med skriving av eksperimentrapporten.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal delta i utforming og gjennomføring av eksperiment (enten personleg eller laboratorieverksemd) gjennom semesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Obligatorisk aktivitet er gyldig berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve på om lag 4000 ord (referansar, vedlegg mm. ikke medrekna). Oppgåva skal skrivast i APA-format eller eit anna internasjonalt akseptert format for rapportar.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.