Fordjupningsemne

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Gjennom dette emnet skal studentane skaffe seg djupare kunnskapar om eit utvald logopedisk emne. Innhaldet varierer frå semester til semester.

Dette emnet kan erstattast med tilsvarande emne av same omfang ved andre institusjonar.

Studiepoenga kan òg erstattast med ei anna sjølvvald fagleg fordjuping, som har tilsvarande omfang og fordjuping, til dømes i form av deltaking på fagkonferanse med presentasjon av eige arbeid eller deltaking i sommarskule i regi av utdanningsinstitusjonar eller profesjonsforeiningar. Studenten står sjølv ansvarleg for å dokumentera at den faglege aktiviteten kan utgjera fem studiepoengs omfang og at aktiviteten er på mastergradsnivå. Døme på aktivitetar som kan verte godkjende

  1. Internasjonal konferansedeltaking med eige bidrag (5 stp)
  2. Nasjonal fagkonferanse med eige bidrag (3 stp)
  3. Deltaking på sommarskule i regi av godkjent instans (eit studiepoeng per dag)
  4. Sjølvvalt fordjuping som sjølvstudium kan gje eit studiepoeng per 300 sider, litteraturliste må verte godkjend, og må ikkje overlappe med litteratur som inngår i andre emne, og det må leggjast fram dokumentasjon i form av annotert litteraturliste og refleksjonsnotat som syner at læringsutbyte er oppnådd

Erstatningsemnet eller -aktivitetane må vere godkjende på førehand.

Læringsutbyte

Spesifikt læringsutbyte vil variere frå år til år.

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Kunnskap som svarar til LOGO320 - Logopediske særemne
Tilrådde forkunnskapar
Should have basic knowledge about evidencebased practice in logopedics and skills in analysing research literature equivalent to course requirements of LOGO310 and LOGO319.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studierett ved master i logopedi eller annet relevant studieprogram.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, seminar og/eller gruppearbeid i eit omfang av om lag 20 timar. Studentane må i tillegg rekne med å lese 300-500 sider litteratur.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Kan variere frå år til år avhengig av tema.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over fem dager
Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Tilrådd litteratur
Emneevaluering
Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
ingen
Programansvarleg
Institutt for biologiske og medisinsk institutt
Emneansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Administrativt ansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi