Tiande semester medisinstudiet
Masteremne
- Studiepoeng
- 13
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MED10
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter gjennomført semester har studenten følgjande kunnskapar:
Studenten:
- Kan anvende dei aktuelle lovverka som er relevante i si gjerning som lege (til dømes lov om folkehelse, lov om helsepersonell, lov om straff, lov om pasientrettar, lov om helseregistre, lov om arbeidsmiljø m.m.)
- Veit inngåande kva slags faktorar som grunnleggande fremjer god helse og førebygger sjukdom på individ og samfunnsnivå; inkludert tyding av miljøfaktorar, som til dømes eksponeringar i arbeidslivet, vernetiltak, vaksinar, smittevern og deltaking i arbeidslivet
- Forstår dei vanlegaste metodane for innovasjon, systematiske arbeidsprosessar og kontinuerleg forbetringsarbeid, og handtering av uønska hendingar i arbeidslivet
- Veit om kva som kjenneteikner godt leiarskap og og leiarskapsprinsipp, og veit korleis ein kan løyse utfordringar som er knytt til samhandling mellom nivå og mellom profesjonar i helse- og omrsorgssektoren.
- Forstår korleis helsetenestene er organisert og oppbygde.
- Har kjennskap til rusrelaterte symptom, og korleis ein kan førebygge rusrelaterte tilstandar
- Forstår viktige skilnadar og likskapar mellom rike og fattige land når det gjeld helsemessige og demografiske utviklingstrekk
- Forstår årsaker, epidemiologi, diagnostikk, handsaming og førebygging av dei store folkesjukdommane i låg- og middelinntektsland, med fokus på dei følgjande: HIV; tuberkulose; malaria; diare, luftvegsinfeksjonar, kreft og underernæring hjå barn; mødre- og spebarnhelse; sjukdommar som kan førebyggast med vaksine; og helseproblem som er relatert til krig og katastrofar.
Dyktigheit
Etter gjennomført semester har studenten følgjande dyktigheiter:
Studenten:
- Veit korleis ein foreslår befolkningsretta tiltak som fremmer folkehelsa
- Kan analysere ulike leiarstilar og eigne styrkar og svakheiter som leiar og deltakar i grupper og team
- Kan sjølv utføre melding ved meldepliktige tilstander eller hendingar, og vite korleis disse skal handterast
- Kan gje kvalifiserte råd om førebygging av miljørelaterte plager
- Kan kartlegge, vurdere og gje eigna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
- Kan sjølvstendig utføre ei målretta klinisk undersøking av pasientar og oppdage patologi som kan bekrefte/avkrefte mistanke om kreft
- Kan anvende kunnskapen sin om smerte- og symptomlindring for å handtere akutte tilstandar og komplikasjonar hos pasientar med sjukdom
- Kan sjølvstendig diagnostisere, utgreie og utføre ikkje-kirurgisk helsehjelp til pasientar med kreft som allmennlege og som lege på lokal- og sentralsjukehus og vite når pasientar skal vidare til spesialisthelsetenesta
- Veit korleis ein utfører grunnleggjande rettsmedisinske oppgåver, slik som til dømes syning av lik og utfylling av dødsattest
- Kan forklare korleis store folkesjukdomar påverkar samfunnsutviklinga i låg- og middelinntektsland.
- Kan vurdere korleis ulike verkemiddel kan betre folkehelsa i låg- og middel-inntektsland.
- Kan vurdere kva rolle legar har i område med konfliktar og katastrofar.
Generell kompetanse
Etter gjennomført semester har studenten følgjande generell kompetanse:
Studenten:
- Anerkjenner fordeler, ulemper og mulige etiske problemstillingar ved igangsetting av befolkningsretta tiltak for å fremme helsa i befolkninga
- Anerkjenner at ein må tilnærma seg alvorleg sjuke og døande pasientar, og deira pårørande, på ein medmenneskeleg, etisk og profesjonell måte.
- Anerkjenner kompleksiteten i rusrelaterte problem
- Er bevisst eigne verdiar og kan kritisk reflektere over eigen praksis som fagutøvar og i ulike roller, og framtidig utøving av yrket som grunnlag for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Anerkjenner helsevesenet sin plass i samfunnet, korleis ressursar kan fordeles på ein tenleg måte på tvers av helsetenesta og at alle ressursar har alternativkostnader
- Er bevisst korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte og med eit kritisk blikk
- Er bevisst på å ha eit globalt perspektiv på utøving av si gjerning som lege
- Er merksam på konsekvensar av aukande globalisering for medisinsk tenkning.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir fokusert på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Døme på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til førelesingar.
Fagleg informasjon via Mitt UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Det blir fokusert på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Døme på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til førelesingar.
Fagleg informasjon via Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Alle obligatoriske krav underveis i semesteret må vere godkjent før eksamensmappa kan vurderast. Detaljar om ulike arbeidskrav finn ein under emnet i Mitt UiB.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Informasjon om mappa vil bli gjeven i Mitt UiB.
Mappa blir vurdert som ein heilskap, og alle element må vere bestått for at mappa kan vurderast som godkjent.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Nyttar Mitt UiB i tillegg til STUND
Emnerapport første gong, og deretter kvar 3. gong emnet går.