Epidemiologiske prinsipp og metodar
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MEDEPIDEM-A
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Kursinnhald
Epidemiologi er læra om sjukdommar og sjukdomsframkallande faktorar si utbreiing i befolkinga (deskriptiv epidemiologi) som vert studert med formål å avdekke årsaker til sjukdom (analytisk epidemiologi). Epidemiologi er eit metodefag for medisinsk årsaksforsking. Epidemiologi er det metodologiske grunnlaget for førebyggjande medisin som har som mål å redusere førekomsten av sjukdom og dårleg helse i befolkninga. Faget omfattar også kunnskap om dei ulike sjukdommane si utbreiing i tid og stad relatert til kven som vert sjuke (tid-stad-person).
Førelesingane vil mellom anna ta for seg kausalitet, sjukdoms/assosiasjonsmål, studiedesign, systematiske feilkjelder og utvalde typar epidemiologi og tene som grunnlag for gruppearbeida.
Gruppearbeida vil bestå av litteraturstudiar og diskusjon av ulike metodologiske problem i forbindelse med tolking av resultat frå desse.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane:
- kjenne til grunnleggjande epidemiologiske prinsipp og metodar
- ha oversikt over epidemiologisk terminologi
- ha innblikk i korleis epidemiologisk metode kan nyttast til å forske på årsak til sjukdom og å førebygge sjukdom
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- diskutere hovudtypane av studiedesign og deira styrke og ulemper
- forstå mål på førekomst av sjukdom, mål på assosiasjonar, effektmodifikasjon/interaksjon, og prinsipp for screening
- vurdere moglege feilkjelder og kausalitet i publiserte studiar
- bruke kunnskapen til sjølv å kunne planleggje og gjennomføre slike studiar
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
- ha nødvendig faktakunnskap for sjølvstendig å kunne vurdere publiserte studiar knytt til medisinsk årsaksforsking
ha evne til å reflektere kritisk over vitskapeleg litteratur og kunne delta i diskusjonar
Undervisingsperiode
Haust
Minimum deltakarar: 10
Maksimum deltakarar: 40
Undervisingsspråk
Norsk.
Anbefalt kurslitteratur og ein del av kursmateriellet vil vere på engelsk.
Påmelding og -fristar
Påmelding gjennom Studentweb innan 1. september.
Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. september: www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen
Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. juni: www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel om kursdeltakarane har gjennomført "Grunnkurs i medisinsk og helsefaglig forsking" før kurset
Vurderingsform
Heimeeksamen.
Bestått/ikkje bestått
Kjernelitteratur
Anbefalt litteratur: Rothman KJ. Epidemiology. An Introduction (223 sider). Oxford University Press, New York 2002.