Mediebruk: Teori og metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEVI102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Bruk av forskjellige medier til informasjon, kommunikasjon og underhaldning er ein del av kvardagslivet for dei fleste menneske. Dette emnet tar opp forholdet mellom mediene og brukarane, og går inn på kva mediebruk betyr for politisk og kulturell meiningsdanning og for folk sitt dagligliv. Emnet introduserer sentrale teoriar om korleis folk bruker mediene, kva dei får ut av den bruken, og korleis menneske kan bli påverka av medier. Dette vert knytt opp mot undersøkingar frå historisk og samtidig mediebruks- og publikumsforsking. Emnet gjer kritiske perspektiv på debattar om mediepåverknad, medienes rolle i politisk og kulturell meiningsdanning, og ulike sosiale grupper sin mediebruk.
Emnet gir innføring i sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta på dette feltet. Undervisning i metode legg vekt på praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.
Målet er å gi studentane ei oversikt over - og forståing av - teoriar og metodar for analyse av mediebruk og media sitt publikum.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og forskingstradisjonar i mediebruksforskinga
- har grunnleggjande kunnskap om mediebruk, mediepåverknad og forholdet mellom publikum og medieinnhald
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale kvalitative og kvantitative metodar som vert nytta i mediebruksforskinga
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planlegge og utføre ei avgrensa datainnsamling om mediebruk ved å nytte kvalitative metodar
- kan analysere ei avgrensa problemstilling om mediebruk ved å nytte enkle kvantitative analysemetodar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan nytte teori og metode i diskusjon av problemstillingar og tema knytt til mediebruk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To mindre praktiske oppgåver og ei litt meir omfattande metodeoppgåve knytt til undervisning i kvalitativ og kvantitativ metode. Oppmøte på praktisk metodeopplæring er obligatorisk, og oppgåvene må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Dei to praktiske oppgåvene er knytt til små metodeøvingar. Desse kan avhengig av faglærar være individuelle eller gruppebaserte, kvantitative, kvalitative, eller beggje deler. Ei kvantitativ oppgåve kan td. vere innlevering av øvingsoppgåver i lab, og ei kvalitativ oppgåve eit refleksjonsnotat etter eit gjennomførd forskingsintervju.
Metodeoppgåva er normalt gruppearbeid, med omfang på ca. 3500 ord. Nærare retningslinjer for denne vert gjeve av faglærar.
Oppmøte på seminar (80%) og levering av øvingsoppgåver i tilknyting til seminar er også obligatorisk.
Obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Seks timars skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Kontinuasjonseksamen
I dette emnet tilbys ordinær eksamen for studenter med godkjent obligatorisk aktivitet, i begge semestre.
Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen