Webutvikling
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MIX114
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er todelt:
Modul 1 gir ei teoretisk og praktisk innføring i visuell kommunikasjon for digitale flater.
Modul 2 gjev innføring i brukarsideprogrammering og i aktuelle teknologiar og standardar for programmering av dynamiske interaktive grensesnitt.
Studentane vil gjennomføre eit prosjektarbeid der dei utformar og programmerar interaktive brukargrensesnitt, for eksempel på verdsveven («world wide web») eller i mobile klientar, der dei knytt saman dugleikar innan interaksjonsdesign med grafisk design og programmering.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap¿
Studenten
- kan gjere greie for sentrale omgrep i moderne interaktive brukargrensesnitt på mobile klientar og på verdsveven.
- kan gjere greie for teoriar og prinsipp for grafisk design og effektiv visuell kommunikasjon.
- kan gjere greie for ulike metodar for softwareutvikling.
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte relevant redigeringsverktøy.
- kan programmere interaktive vevsider med til dømes JavaScript, DOM og andre aktuelle API-ar.
- kan bruke JSON og REST-tenester
- kan bruke verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
- kan integrere interaksjonsdesign, grafisk design og programmering i utviklinga av interaktive applikasjonar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan diskutere konseptuelle, praktiske og etiske problemstillingar knytte til evaluering av interaktive system.
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt innan fagfeltet interaksjonsdesign, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske retningslinjer og krav til universell utforming.
- kjenner til forskings- og innovasjonsarbeid innan interaksjonsdesign, og kan oppdatere kunnskapen sin innan feltet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane har følgjande obligatoriske aktivitetar:
- Obligatorisk deltaking i all undervisning.
- To obligatoriske oppgåver innan grafisk design
- To obligatoriske oppgåvar innan klientprogrammering
- Obligatorisk presentasjon av gruppeoppgåva.
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Deleksamen:
- Individuell oppgåve i programmering
- Individuell oppgåve i grafisk design
- Gruppeoppgåve: studentane lager ei løysing som integrerer programmering og grafisk design, og skriver ein skriftleg spesifikasjon på om lag 4000 ord.
Hver deleksamen vektes 1/3.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.