Forskingsdesign og feltstudiar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane den teoretiske og metodiske om korleis gjennomføre eit masterprosjekt knytt til mediedesign og/eller interaksjonsdesign. Studentane vil gjennom deltaking i emnet utvikle eit konsept for eit forskingsprosjekt som skal vere forankra i brukardata som er innsamla for prosjektet.

Emnet blir organisert som ein serie av modular som saman skal lede til utviklinga av eit masterprosjekt. Studentane vil gjennomføre ein empirisk studie av moglege målgrupper for prosjektet, og utvikle ei prosjektskildring. 

Eksamen i emnet er ei individuell prosjektskildring. I dei tilfelle der studentane ønskjer å samarbeide om eit masterprosjekt, leverer dei kvar si prosjektskildring som skildrar korleis dei ulike delprosjekta heng saman. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap 

Studenten

  • Kan skrive ei klar prosjektskildring av eit planlagt forskingsprosjekt i medie- og interaksjonsdesign.
  • Kan velje relevante teoriar og metodar i planlegginga av eit praksisbasert forskingsprosjekt

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan integrere tenkjemåtar knytt til programvareutvikling og mediedesign inn i eit forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Kan bruke kvalitative metodar i vurderinga av brukaropplevinga knytt til eit medium. 
  • Kan planleggje og utføre brukarstudiar ut frå relevante etiske standardar. 
  • Kan innhente vitskapleg litteratur knytt til konkrete problemstillingar.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan evaluere etiske og metodiske problemstillingar knytte til eit særleg forskings- og utviklingsprosjekt innan medie- og interaksjonsdesign.
  • Kan planleggje og gjennomføre empiriske studiar for å forstå brukarane av ein utvald medieteknologi, og vurdere dei etiske implikasjonane av studiet.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MIX302 får ein reduksjon på 10 studiepoeng i kombinasjon med kvart av følgjande emne:
Krav til studierett
Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign eller masterprogram i informasjonsvitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar, workshops, og rettleiing, om lag 4-6 timar kvar veke i 12-14 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Levere ein feltrapport.
  • Presentere prosjektskildringa i ulike utviklingsstadier.
  • Gje tilbakemelding på prosjektskildringa til ein medstudent.
  • Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

    Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

    Vurderingsformer

    Prosjektskisse (ca. 5000 ord)

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.