LIPID: molekylære, cellulære og biokjemiske eigenskapar i helse og sjukdommar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å byggja vidare på forståinga tileigna innan grunnleggjande lipidbiokjemi. Denne forståinga vert så vidareført og fordjupa med fokus på lipid sine biokjemiske, molekylære og biologiske roller og korleis desse har konsekvensar for cellulær funksjon innan helse og sjukdom.

 

Innhald:

Emnet tek opp følgjande hovudområde: membran- og intracellulære lipiders eigenskapar og funksjonar, den biokjemiske og biologiske tydinga av protein-lipid interaksjonar i signalveger, vidarekommen lipid-metodologi og lipid-relaterte sjukdomar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan greie ut om fosfolipiders biosyntetiske og katabolske nettverk
  • kan forklara metodar for kvantitativ og kvalitative analyse av lipid
  • kan skildra og forstå korleis lipid byggjer opp membranar spontant og held på plass trans-membrane protein
  • kan gjøre reie for lipid-protein interaksjonar på membraner og funksjonene deira
  • kan skildra lipid-modifiseringer av protein kjemisk og funksjonelt
  • kan greie ut om lipid-mediert signalisering og rolla dens i cellulære prosessar
  • kan skildra forskjellige lipid-medierte sjukdomar på molekylært nivå

 

Ferdigheter

Studenten er i stand til å ta i bruk ny kunnskap og prinsipp i forståelsen av molekylære mekanismar i normale cellulære prosesser og i lipid-relaterte sjukdomar.

 

Generell kompetanse

  • Studenten kan dokumentere avansert kunnskap i lipid biokjemi og er i stand til å bruke den i en breiare biokjemisk og biologisk samanheng

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
MOL100 eller tilsvarende. Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6. semester av bachelorgraden.
Tilrådde forkunnskapar
KJEM130 (eller tilsvarende kurs i organisk kjemi, 5 studiepoeng er tilstrekkelig)
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, kollokvier
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.