Musikk, kultur og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet vil med utgangspunkt i fagområdet musikk kaste lys over problemstillingar innanfor utøving/skaping som praksis i ulike kontekstar i samfunnet. Refleksjon rundt tilhøvet musikk/kultur/samfunn vert styrka gjennom drøfting av identitet og kulturelle tenkjemåtar.

Innhald:

Musikk som kulturuttrykk får ulike valørar i høve til meining/politikk, verdispørsmål og funksjonalitet. Emnet gjev innføring i teori relatert til bruk av musikk i ulike samanhengar der musikken si rolle og verdi knytt til kulturell, sosial og politisk kontekst vert vektlagd. Emnet vil soleis drøfte musikk som kunst, vitskap og kvardagspraksis. Emnet vil dekkje tema som musikk og verdiar, musikk og identitet, musikk og utvikling, kunst, kunnskaps- og kulturomgrep.

Forståing av samspelet mellom teori og praksis for utøvarar, komponistar og musikkterapeutar vert tilegna gjennom drøfting på tvers av praktiske skilleliner.

Emnet gjev ei innføring i kulturelle og sosiale perspektiv og tematiserer spesielt musikken si rolle i samfunnet. Emnet set som mål å gjere studentane i stand til teoretisk refleksjon rundt eigen musikkpraksis, og denne i relasjon til andre musikkpraksisar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten ..

* viser kunnskap om funksjonane musikalsk praksis har i eit samfunns perspektiv.

Ferdigheiter:

Studenten ..

* kan kommunisere munnleg og skriftleg omkring faglege problemstillingar.

Generell kompetanse:

Studenten ..

* kan reflektere rundt eigen praksis og artikulere tankerekkjer i høve til denne.

Studiepoeng, omfang

Emnet MUF101 Musikk, kultur og samfunn har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til to semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, Bachelorprogram i musikkvitskap eller Femårig integrert masterprogram i musikkterapi. Andre studieprogram etter individuell søknad.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Studentaktive læringsformer, førelesingar seminar og arbeid i grupper
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på førelesingar, seminar og gruppearbeid

All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering som består av 3 arbeid. Alle 3 mappedelane vert vekta likt. Ei beskriving av arbeida i mappa vert publisert på Mitt UiB i starten av semesteret

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Det vert utarbeida ei felles pensumliste på om lag 500 sider, i tillegg kjem sjølvvad litteratur knytt til gruppearbeida.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.