Å forske i og på museum

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet skal lære studentane å planleggje sjølvstendige forskingsprosjekt. Dei skal lære å formulere og avgrense forskbare problemstillingar og klargjere kva slags forskingslitteratur og kjeldemateriale som kan brukast for å svare på problemstillingane, handtere metodiske og etiske utfordringar knytt til bruken av forskjellige kjeldetypar, og utforme forskingsprosjekt som let seg gjennomføre.

Studentane skal med hjelp av rettleiar og medstudentar skrive ei prosjektskisse som kan danne grunnlag for eit konkret forskingsprosjekt. Prosjekta kan for eksempel være basert på samlingane i det einskilde museum, vera formulert innanfor eit relevant tema, eller dreie seg om museas rolle i samfunnet. Prosjektskissa vil kunne innehalde avgrensing av tema, problemformulering og drøfting av relevant eksisterande forskingslitteratur og kjeldemateriale som kan brukast til å svare på problemformuleringa. Skissa kan og innehalde diskusjon av metodar, det vil seie systematiske framgangsmåtar i arbeidet med kjeldematerialet, og drøfte prosjektdesign med vekt på planlegging av tidsbruk og framdrift. Det skal og reflekterast over forskings- og museumsetiske utfordringar knytt til prosjektet.

Læringsutbyte

Kunnskap: Ved fullført emne har studenten djupare innsikt i planlegging av forskingsprosjekt samt i metodar knytt til bruken av ulike kjeldetypar innan eit museumsrelevant tema.

Ferdigheiter:Studenten kan avgrense eit forskingstema og utvikle og formulere vitskaplege, forskbare problemstillingar innanfor temaet. Studenten er i stand til å klargjere og avgrense kva slags litteratur og materiale som kan brukast i problemløysinga. Vidare kan studenten forme ei sjølvstendig skriftleg prosjektskisse som kan danne utgangspunkt for eit konkret, avgrensa forskingsprosjekt.

Generell kompetanse: Studenten har opparbeida kompetanse i å formulere eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan ei avgrensa tidsramme, og i å kartleggje og vurdere kjeldemateriale for forsking. Prosjektskissa viser sjølvstendige evner til å planlegge, analysere, problematisere og dokumentere vitskaplege framstillingar.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Opptakskrav
MUSE620 Å foske i og på museum er eit emne på masternivå og du må difor ha minimum bachelorgrad, cand.-mag-grad eller tilsvarande utdanning. Det er vidare ei forutsetning for opptak at museet du er tilsett ved tilrår at du søker, og at forskningsprosjektet du ynskjer å gå i gang med fell innanfor det vi har rettleiingskompetanse på (arkeologi, historie, kulturvitskap o.l. med humanistisk innretning). Når du registrerer søknad ber vi derfor om at du samstundes lastar opp følgjande:

  • Dokumentasjon på min. bachelorgrad eller tilsvarande utdanning
  • Kort stadfesting frå arbeidsgjevar på at dei er innforstått med- og tilrår søknaden din
  • Kort prosjektskisse for planlagt forskingsprosjekt (1-3 A4-sider)
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er hovudsakleg retta mot tilsette i museumssektoren, og krev tilråding frå museet studenten er tilsett ved. Dersom det er plassar, er emnet og ope for studentar med studierett på eit studieprogram ved AHKR.

Det formelle opptaket til studiet vert gjort av UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisinga strekker seg over eitt semester og er organisert i tre samlingar à inntil tre dagar. Samlingane er sett saman av forelesingar og seminar. Inntil 3 timar rettleiing til prosjektskissa kjem i tillegg til samlingane. Rettleiinga kan vera individuell eller gruppebasert.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Godkjenning av individuell pensumliste.
Vurderingsformer

Ei prosjektskisse på om lag 6000 ord.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Det vert utarbeidd ei felles litteraturliste på om lag 600-800 sider. I tillegg legg studentane opp ei individuell litteraturliste på om lag 600-800 sider. Den individuelle litteraturlista skal godkjennast av faglærar før innlevering av prosjektskissa.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap