Musikkterapeutisk improvisasjon

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev introduksjon til og fordjuping i musikkterapeutisk improvisasjon og inneheld tre hovudkomponentar:

Introduksjon til musikkterapeutisk improvisasjon

Kurset gjev eit oversyn over aktuelle teori- og praksistradisjonar i musikkterapeutisk tradisjon, med vekt på skilnader i musikkomgrep, mål, format og musikalsk genretilknyting. Det vert lagt vekt på korleis improvisasjon kan knytast til teoriar om interaksjon, kreativitet, forteljing og sosial deltaking. Undervisninga tar sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg. Konkrete deskriptive teoriar om musikkterapeutisk teknikk, spelereglar og prosedyrar for kartlegging og evaluering blir også vektlagt.

Praktisk-metodisk fordjuping i musikkterapeutisk improvisasjon

Arbeidet med det praktisk-metodiske kurset i musikkterapeutisk improvisasjon tar sikte på at studenten skal utvikle musikalsk og mellommenneskeleg kompetanse for musikkterapeutisk improvisasjon, kjenne til og beherske sentrale modellar innan musikkterapeutisk improvisasjon (med særleg vekt på Nordoff-Robbins), beherske prosedyrar for kartlegging og vurdering av ein musikkterapiprosess, og utvikle sin eigen improvisasjonsmetodikk med utgangspunkt i eigen musikalitet og aktuelle målgrupper og arbeidsfelt. Undervisninga byggjer vidare på tidlegare emne i studiet, der improvisasjon ofte er ein integrert komponent, slik som i MUTP102 og MUTP203, men også i MUTP101, MUTP201 og MUTP202. MUTP302 gjev rom for fordjuping i høve til arbeid med improvisasjon, med særleg vekt på dyadiske improvisasjonar i tradisjonen etter Nordoff og Robbins.

Praktisk-metodisk fordjuping i musikkterapeutisk improvisasjon omfattar eit seminar i stemmebruk.

Bruksinstrument

Kurset byggjer vidare på bruksinstrumentundervisninga i MUTP102. Bruksinstrument kan vere piano eller gitar, og det anbefalast at studentar undervises i sitt sterkaste bruksinstrument (gitar eller piano). Studentar som vel gitar skal arbeide både med akustisk og elektrisk gitar. Studenten skal vidareutvikle sin dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

- oversyn over aktuelle teori- og praksistradisjonar i musikkterapeutisk tradisjon, med vekt på skilnader i musikkomgrep, mål, format og musikalsk genretilknyting.

- kjenner til og meistrar sentrale modellar innan musikkterapeutisk improvisasjon

- meistrar prosedyrar for kartlegging og vurdering av ein musikkterapiprosess

- har utvikla sin eigen improvisasjonsmetodikk med utgangspunkt i eigen musikalitet og aktuelle målgrupper og arbeidsfelt

- kan arbeide personsentrert med musikkterapeutisk improvisasjon i relasjon til musikkterapeutiske målområde som interaksjon og kommunikasjon, uttrykk, meistring, læring og deltaking

Dugleikar

- meistrar prosedyrar for kartlegging og vurdering av ein musikkterapiprosess

- meistrar besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering

Generell kompetanse

- kan akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar

- forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som ligg føre

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Opptak til 300-nivået av det integrerte masterprogrammet i musikkterapi.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av individuell undervisning, praktiske øvingar, gruppearbeid, forelesingar, demonstrasjonar og analyse av lyd- og videoband. Det er viktig at undervisninga blir sett i samanheng med dei arbeidsmåtane som studentane møter i praksis. Det er forventa at studenten deltar aktivt i undervisninga. Det blir lagt vekt på at studentane sjølve analyserer og diskuterer det som skjer i undervisninga og at dei ut i frå eit teoretisk grunnlag tileignar seg ei kritisk og analytisk haldning til musikkterapeutisk improvisasjon.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar:

- Minimum ei framlegging i undervisning av erfaringar frå bruk av improvisasjon i praksis.

- Minimum ein analyse av improvisasjon.

- Bruksinstrument: ei godkjend arbeidsbok.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar ei praktisk-munnleg prøve på 45 minutt, med to hovudkomponentar:
a) Improvisasjonar der studenten improviserer over aktuelle "spelereglar" oppgitt av eksamenskommisjonen.
b) Samtale der studenten reflekterer fagleg over improvisasjonane og prosessane i desse.

Dei to eksamensdelane vektas likt, og det blir gjort ei heilskapleg vurdering av kandidaten.

Minst to sensorar kor ein skal vera ekstern.

Karakterskala
Bokstavkarakterar, A - F
Litteraturliste
Pensum er på ca. 500 s., med hovudvekt på litteratur om musikkterapeutisk improvisasjon. I tillegg blir det forventa at studenten brukar diverse note- og metodematerial aktivt. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.
Emneevaluering
Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.
Emneansvarleg
Simon Gilbertson
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.