Hovuddisiplin komposisjon 3
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 25
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUV294
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk og/eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å
- arbeide med kreative og kompositoriske prosessar, som så skal setjast inn i eit større fagleg perspektiv.
- kombinere skapande og analytisk arbeid for å opp vurderingsevna og forståinga for tekniske og estetiske aspekt, både i eigne komposisjonar og innanfor musikalsk praksis generelt.
Vidareutvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet og som kunstnarleg uttrykk i seg sjølv.
- handsame moderne kunstmusikalsk komposisjon, med større vekt på eiga kunstnarleg utvikling, samanlikna med MUG144 Komposisjon 1 og MUG145 Komposisjon 2. Emnet gjev dermed rom for større grad av fordjuping og konsentrasjon omkring avgrensa tema.
- kvalifisere for vidare studiar innanfor komposisjon eller musikkteori/vitskap, eller det kan bli komplettert med ei pedagogisk påbygging.
- gje eit fagleg fundament for framtidig arbeid innanfor musikkfeltet som t.d. komponist eller pedagog, innan formidling, musikkadministrasjon osb.
Innhald:
Studiet tar opp tema som:
- Komposisjon som kreativ prosess.
- Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.
- Verkanalysar og repertoarforståing.
- Estetiske problemstillingar.
- Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
- har eit personleg tonespråk som er basert på kompositorisk teori, estetikk og kreativitet
- har inngåande kjennskap til eit generelt repertoar og kunnskap om sentrale verk og stilar
Ferdigheiter
Studenten ..
- kan arbeide sjølvstendig med tekniske og musikalske utfordringar og problemstillingar.
- kan utvikle si eiga stilkjensle og røynsle med estetiske problemstillingar, ved hjelp av undersøkingar av relevant musikk, komposisjonsteknikkar og aktuelle problemstillingar henta frå ulike område av heile musikktradisjonen.
- kan nytta avansert digital programvare innan lyd og notasjon.
Generell kompetanse
Studenten ..
- har erfaring med og er tydeleg bevisst om eigne preferansar innan konsert- og formidlingspraksis.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Emnet vert normalt studert i semester 5-6 innanfor ei fireårig komposisjonsutdanning. MUV294 Hovuddisiplin komposisjon 3 er det tredje hovudemnet i den fireårige komposisjonsutdanninga, og vert studert i samanheng med det etterfølgjande emnet MUV295 Hovuddisiplin komposisjon 4. Opplegget og innhaldet i dette emnet er sterkt knytt til MUV295 Hovuddisiplin komposisjon 4. Den individuelle progresjonsplanen for dette emnet vil derfor sjå begge emna under eitt.
Studenten skal arbeide arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk:
- Det sjølvstendige arbeidet til studenten står sentralt.
- Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.
- Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.
- I prosjekt.
Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.
Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:
- I rettleiing og/eller i seminarform.
- Gjennom selvstendig lytting og/eller partiturlesing.
Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.
Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.
Vurderingsformer
Innhaldet i mappa vert vekta likt.
Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hoveddisiplinlærar.