Læring i naturfaga
Årsstudium
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NATDID210-P
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Gjennom skulepraksis og obligatoriske arbeidskrav vil emnet utvikla studentane sine evner til å observera og diskutera undervisningspraksis i lys av læringsteori.
Innhald:
Emnet handlar om sentrale utfordringar i læring av naturfag og strategiar for å møte desse. Emnet tek opp bruk av dialogbaserte arbeidsformer og diskuterer bruk av praktisk arbeid og vurdering for læring basert på læringssyn som legg vekt på erfaringar og språkbruk. Emnet diskuterer elevaktive arbeidsmåtar, kompetanseomgrepet, læreplanen i naturfag og formålet med opplæring i naturfaga med vekt på omgrepa fagleg argumentering, deltaking, allmenndanning og grunnleggjande dugleikar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- gjera reie for kompetansetenking og sentrale funn ifrå kjente undersøkingar av læring og undervisning i naturfaga
- greie ut om elevar sine læringsprosessar basert på omgrep sentrale i læringsteoriar.
- gje døme på korleis forsøk og samtale kan fremma læring
Ferdigheiter
Studenten kan
- planlegge korte undervisningsøkter som fremmer kognitiv og språkleg aktivitet hos elevane
- undersøkje korleis ulike spørsmål og oppgåver verkar inn på elevane si deltaking og praktisering av grunnleggjande dugleikar
- diskutere konkrete undervisningsaktiviteter i lys omgrep frå sentrale læringsteoretikarar
Generell kompetanse
Studenten kan
- samarbeide med kollegaer/medstudentar for å undersøkje korleis elevane lærer.
- diskutere korleis elevar responderer på ulike oppgåver og aktivitetstypar, både basert på eigne erfaringar og andre sine innspel.
- formidla fagstoff, erfaringar og refleksjonar på ein oversikteleg måte og med klare døme
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tre obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis
Godkjent obligatoriske oppgåver er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.
For å kunne ta eksamen i NATDID210-P må normalt PPUPRA101 være bestått.