Fagdidaktikk i nordisk for integrert lektorutdanning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå, og leggje grunnlag for auka forståing av korleis norskfagleg innsikt og refleksjon kan bidra til å leggje til rette for språk- og litteraturopplæringa til elevane.

Emnet har tre hovudtema:

- lesing, litteraturdidaktikk og teksthistorie

- språkutvikling og språkkompetanse

- norskfagleg danning og kunnskapssyn

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

- har innsikt i leseprosessar og korleis elevar kan tileigne seg kunnskapar om litteratur og tekst

- har innsikt i korleis språkkompetanse, språkkunnskap og språklege læringsprosessar kan fremjast i opplæringa

- har innsikt i tilhøvet mellom danning, kunnskap og kompetanse i norskfaget

Ferdigheiter

- kan bruke kunnskapen som er omtala ovanfor i eigne analysar av norskdidaktisk materiale

- kan bruke kunnskapen ovanfor i eigen yrkespraksis

- kan reflektere over norskopplæringa og elevane si læring i norskfaget

Generell kompetanse

- har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet

- kan formulere og grunngje eit fagsyn

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Minst 55 studiepoeng på 100-nivå i nordisk språk og litteratur inkludert 5 studiepoeng i nordisk fagdidaktikk. Fullført KOPRA101, KOPRA102 og KOPRA103, eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Opptak til lektorutdanning med master i nordisk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma er primært førelesingar, men med seminarinnslag.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit fagleg innlegg.

Spesifikasjonane vert fastsette i undervisningsplanen for kurset. Studentar som er utanlands i semesteret får eit alternativt opplegg for obligatorisk aktivitet etter avtale med faglærar.

Studenten må vere til stades minst 80 % av undervisinga for å få emnet godkjent.

Vurderingsformer

Eksamensforma er fire dagars heimeeksamen med oppgjeve emne, ca 9000 teikn. Retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Instituttet avgjer ved loddtrekning om eksamen skal skrivast på nynorsk eller bokmål. For skriftleg eksamen kunngjer instituttet skriftspråk seinast ei veke før eksamen.

Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert rett og god språkføring vektlagd.

Studentar som er utanlands i semesteret har den same eksamensforma som dei andre studentane med mindre det finst kompatible fagdidaktikkeiningar der dei er.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vera klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetsikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium