Nordisk: Litterært masteremne D
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NOLI312
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje
kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Emnet er ein valfri del av mastergraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare
definert område av faget.
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje
tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk
metode eller teori osv.
Tema for NOLI312 og KVIK203 våren 2024: "Det moderne gjennombruddet" (1870-90). Kjønn, seksualitet og identitet.
Læringsutbyte
Etter å ha studert dette emnet skal studentane
- ha brei og inngåande kjennskap til skjønnlitteraturen på pensumet
- kjenne til sentrale poeng i fagtekstane og dei grunnleggjande argumentasjonsformene i dei
- ha godt oversyn over relevant forsking innanfor emneområdet
- ha kunnskap om sentrale forskingsproblem knytt til emneområdet
Studentane skal kunne
- diskutere og vurdere den aktuelle primærlitteraturen og faglitteraturen
- diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
- velje ut og vurdere bruken av teori i eige arbeid
- skape eigne fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar
Studentane vil og sjenerelt vere i stand til å
- skrive sjøvstendige fagtekstar innanfor eit avgrensa fagområde
- grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eige tekstarbeid
- velje ut relevant teori knytt til eit forskingsområde
- relatere eige arbeid til ein forskingstradisjon
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
Undervisningsmengde: Om lag 24 timar førelesingar og seminar. Seminara legg opp til høg grad av studentaktivitet.
Undervisninga er felles med RET205/RET255
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta med minst eitt førebudd munnleg innlegg i ein seminartime.
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen (om lag 5000 ord).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.