Nynorsk for utanlandske studentar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- NOR-NYN
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk nynorsk og bokmål.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Norskkursa gir ikkje studiepoeng for søkjarar med norsk som morsmål.
Målet med dette emnet er at studentane skal få kjennskap til tema som norsk språkhistorie og bakgrunnen for nynorsk og norsk språkpolitikk i korte trekk. Dei skal og verte kjende med viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk og hovudtrekka i nynorsk grammatikk.
Studentane skal dessutan lære å uttrykke seg skriftleg på nynorsk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kjenner til
- norsk språkhistorie og bakgrunnen for nynorsk
- norsk språkpolitikk i korte trekk
- viktige skilnader mellom bokmål og nynorsk
- hovudtrekka i nynorsk grammatikk
Ferdigheiter
Studenten kan
- lese og forstå nynorske tekstar
- skrive enkle tekstar på nynorsk
- omsette enkle tekstar frå bokmål til nynorsk
Generell kompetanse
Studenten kan
- hovudtrekk i norsk språkhistorie og språkpolitikk
- hovudtrekk i nynorsk grammatikk
- uttrykke seg skriftleg på nynorsk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For meir informasjon om opptak:
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesing/seminar.
Kurset har ca. 36 timar med undervisning. Det blir forventa at studentane er førebudd og deltar aktivt i timane.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering (1. februar / 1. september).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk frammøte til minst 75 % av undervisninga.
Deltakarane må levere minst tre skriftlege oppgåver som skal godkjennast av faglærar.
Godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i tre semester, inkludert undervisningssemesteret og dei påfølgande to semestra.
Vurderingsformer
Tretimars skriftleg, digital skuleeksamen.
Ein kan berre ta eksamen éin gong i semesteret.
Som ein generell regel har ein tre eksamensforsøk i et emne. Dette reguleres av Forskrift om studium opptak ved UiB § 8-1.