Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Første del av emnet, fonologidelen, handlar om kva som kjenneteiknar vokalar, konsonantar, stavingsstruktur, trykk og tonegang i norsk samanlikna med andre språk, og kva utfordringar innlærarar står overfor når dei skal læra seg norsk.

Andre delen av emnet, grammatikkdelen, vil vera ei vidareføring av generell kunnskap om morfologi og syntaks i norsk. Desse språklege nivåa vert studerte i andrespråksperspektiv. I denne delen inngår òg analyse av innlærarspråk i målspråksperspektiv

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om norsk fonologi i andrespråksperspektiv
  • har kunnskap om norsk morfologi og syntaks i andrespråksperspektiv
  • har kunnskap om språklege trekk ved norsk som kan vera spesielt vanskelege å læra seg for andrespråksinnlærarar

Dugleik

Studenten

  • kan analysera mønster i munnleg og skriftleg innlærarspråk i høve til målspråket norsk
  • kan reflektera over kva språklege utfordringar personar som lærer seg norsk som sitt andrespråk, står overfor

Generell kompetanse

  • Studenten har ein god kunnskapsbase om den norske språkstrukturen i andrespråksperspektiv har eit grunnlag for å kunna forstå mønster i innlærarspråk i lys av målspråket

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
EXFAC Språk og kommunikasjon
Studiepoengsreduksjon
Studentar som har teke NORAN101-F/NORAN602, må i samråd med faglærar erstatte delar av pensum for å kunne få full studiepoengutteljing for NORAN105.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstype og -mengd:

Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.

Studentkollokvium.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 4 timar. Valfri målform.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.

På den skriftlege prøva skal eksamenssvaret skrivast på norsk, og studenten vel målform sjølv.

Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 400 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Retteprogram i Inspera er slått på under skuleeksamen. Ingen andre hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium