Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NORAN106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gjev ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv kopla til både talespråk og skriftspråk.
Sentrale tema er tekstbinding, teksttype og sjanger, tekst i kontekst, andrespråksskriving og kontrastiv retorikk, språkfunksjonar og språkhandlingsteori.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har innsikt i ulike teksttypar og sjangrar
- har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor når han eller ho produserer tekstar på andrespråket
Dugleik
Studenten
- kan analysera tekstoppbygging i elevproduserte tekstar
- kan analysera munnleg og skriftleg tekst i kontekst
Generell kompetanse
Studenten
- har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningstype og -mengd:
Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.
Studentkollokvium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 4 timar. Eksamen skal skrivast på bokmål eller nynorsk.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
På den skriftlege prøva skal eksamenssvaret skrivast på norsk, og studenten vel målform sjølv.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 750 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.
Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium