Nordisk: Moderne språk (Fjernord)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NOSP102-F
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk òg svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.
Innhald:
Emnet har to hovudtema: grammatikk (morfologi og syntaks) og ordkunnskap. I tillegg kjem mindre innslag av fonetikk/fonologi og tekstkunnskap.
Desse temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og kva særtrekka betyr i innlæring av norsk som andrespråk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om artikulatorisk fonetikk og om norsk fonologi
- har brei og god kunnskap om moderne norsk grammatikk (morfologi og syntaks) og metodar for morfologisk og syntaktisk analyse
- har god kunnskap om ordbetydning og strukturen i ordtilfanget
- har kunnskap om språklege drag ved tekstar
- har noko kunnskap om likskapar og skilnadar mellom norsk og andre språk, særleg innanfor grammatikken (morfologi og syntaks)
- har noko kunnskap om andrespråkslæring, innlærarspråk og utfordringar i læring av norsk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
- skriv korrekt og godt bokmål
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre faglege oppgåver under rettleiing og formidle resultata skriftleg
- kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
- har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk og om norsk som andrespråk
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Éi eller to helgesamlingar med førelesingar og oppgåvearbeid.
Nettbasert undervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein heimeeksamen på seks timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret skal skrivast på bokmål.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk og norsk som andrespråk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. januar.