Nordisk: Språkhistorie og talemål (Fjernord)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- NOSP103-F
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Norsk skal òg studerast i samanlikning med dei andre nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk). Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.
Innhald:
Emnet har tre hovudtema:
(1) norsk språkhistorie frå urnordisk til moderne talemål
(2) geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk og -fonologi
(3) andre nordiske språk, særleg dansk og svensk
Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av moderne norsk spesielt. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.
Studiet av dei andre nordiske språka skal gi oversyn over grunnleggande språkhistorie og noverande språktilhøve og over forskjellar og likskapar mellom språka, særleg dansk og svensk i forhold til norsk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om den lydlege, grammatiske, leksikalske og skriftlege utvikling av norsk frå urnordisk og fram til i dag
- har brei kunnskap om variasjonen i moderne norske talemål
- har grunnleggande kunnskap om dei andre nordiske språka, særleg dansk og svensk
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
- kan omsetje ukjend tekst frå dansk og svensk til norsk og kommentere grammatiske og leksikalske utfordringar i omsetjinga
- skriv korrekt og god nynorsk
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg
- kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
- har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
- kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk i historisk lys og om norsk talemål og uttale
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Éi eller to helgesamlingar med førelesingar og oppgåvearbeid.
Nettbasert undervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein heimeeksamen på seks timar.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.